LO-leiaren kastar seg no inn i kampen for å ruste opp vegar og jernbane i den nye transportplanen for 2009 til 2019.
No må finansieringa av store prosjekt bli så forpliktande at politikarane ikkje berre kan hoppe på og av undervegs, krev Flåthen, og utfordrar regjeringa.
- Politikarane har ofte ein tendens til å ikkje følgje langtidsplanane som blir laga, og så får ein utsettjing både for igangsetjing og gjennomføring, seier Flåthen.
Vil ha 50 milliardar
LO-leiaren vil ha et fond på minst 50 milliardar kroner i botn for statlege investeringar i samferdsel. Slik kan ein sikre at store prosjekt verkeleg blir gjennomført, meiner han.
Dermed går han rett inn i sumarordskiftet, der krava om vegsatsing strøymer friskt.
Meir stødige finansieringar og større innsats er krava frå LO-leiaren. Og det må handlast no, medan oljeinntektene fløymer inn, seier Flåthen.
Raudgrøne for betre samferdsle
- Eg forventar at regjeringa verkeleg tar tak i det samferdslepolitiske, og at den nye langtidsplanen som skal bli behandla i haust er meir ambisiøs og meir konkret, sånn at vi både kan ruste opp jernbanen og vegsystemet, der det er naudsynt.
Med valet eitt år unna trykkjer også mange i dei raudgrøne partia på regjeringa for betre samferdsle.
Leiar i Telemark Arbeidarparti, Terje Aasland, seier det slik.
- Eg trur dei fleste er oppteken av å få meir forutsigbarheit og sterkare forplikting knytta til dei enkelte prosjekta i Nasjonal Transportplan, og det oppfattar eg at Roar Flåthen og er oppteken av, seier Aasland.