Hopp til innhold

Flammande forsvar for kraftkablane: – Noreg ville hatt mindre kraft utan

Høgre-leiar Erna Solberg trur ikkje utanlandskablane og ACER-avtalen er årsaka til dei høge straumprisane. Skulda må leggast på krig og låg vasstand, ikkje kablane, meiner ho.

Erna Solberg

Høgre-leiar Erna Solberg ser på flammane til ein smed, ein av fleire buer på Trebåtfestivalen i Risør torsdag.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Høgre-leiaren er på bussturné, der ho har fått sjå alt frå smidde jernprodukt til nakenbading på Trebåtfestivalen i Risør.

Minst like heit er debatten om dei høge straumprisane. Dei siste vekene har stadig fleire parti teke til orde for raskare tiltak.

Det har også fått på bana årelang kritikk mot kraftkablane frå Noreg til utlandet, og samarbeidet med EUs energibyrå Acer.

I ei Ytring torsdag, hevdar ingeniør Roar Moen at det er Acer og kraftkablane som er problemet bak dei høge straumprisane.

«For at «straumeksporten» skal stoppe, må straumprisen vere lik på begge sidene av kabelen», skriv han.

Høgre-leiar Erna Solberg har vore med på å innføre avtalen med Acer. Ho avviser kritikken kontant overfor NRK.

Acer har ingen betydning for dette. Acer har ikkje fatta eit einaste vedtak knytt til dette. Dette er frå dei i Nei til EU som har halde på med dette før også, seier ho om ytringa.

Høgre-leiar Erna Solberg måtte snu seg innimellom då fleire unge nederlendarar hoppa nakne i sjøen bak ho under eit besøk i tresjekta «Smålekker».

Peiker på Ukraina-krigen

Overfor NRK understrekar ho at norske forbrukarar dei siste 30 åra har tent på kabelutviklinga og på marknadsfastsett pris på straum.

No er vi i ei krise på grunn av gass og Ukraina, fordi det er krig i Europa. Vi må ikkje gløyme at det er det som er scenarioet: Ikkje Acer, men krigen i Europa og til dels den låge vasstanden i Sør-Noreg, fastslår Høgre-leiaren.

Ho meiner vi treng kraftkablane for å sikre at vi kan importere straum frå utlandet når Noreg sjølv slit med kraftproduksjonen.

Les også Energien vår strømmer ut

GRØNVOLLFOSS KRAFTVERK

Det var Stoltenberg-regjeringa som inngjekk avtale om å utvikle kraftkablane, men Solberg-regjeringa som fekk på plass avtalen om å få lagt dei ut.

Då de innførte kraftkablane, såg de at dette kunne komme?

Den gang var alle analysane at det kom til å gi jamnare kraftpris i Noreg, at det kunne bli eit par øre høgare, men at det ville gi ein meir stabil kraftsituasjon framover. Det scenarioet vi har no, er heilt annleis enn det som var då. Det at vi skulle ha krig i Europa og utfordringar med gass framover, var ikkje ein del av det som var scenarioa på den tida.

Les også Advarer mot strømhjelp til bedriftene: – Da blir prisen presset ytterligere opp

Statistikklovutvalget overleverer rapport til finansminister Siv Jensen

Peiker på faglege råd om kablane

Hadde du gjort ting annleis om du visste at det kunne bli sånn?

Det tenker eg berre er hypotetiske spørsmål, som er heilt unaturleg å seie noko om. Vi fattar avgjerder på dei faglege anbefalingar og råd vi får, når vi får dei. Og då kan det godt tenkast at viss vi hadde fått andre faglege råd, så hadde vi fatta andre avgjerder, men vi fekk desse faglege råda på det tidspunktet, seier Solberg.

No er ho oppteken av forsyningssikkerheita til Noreg.

– Då må sørge for at vi har høve til å hente inn kraft andre stadar frå. Vi ville hatt mindre kraft i Noreg i dag viss vi ikkje hadde hatt kablar. Då hadde det ikkje blitt oppfatta som lønnsamt å bygge ut kraft i Noreg. Mange av dei ekstra kraftutviklingane vi har hatt dei seinare åra, hadde neppe blitt sett på som lønsame med kraftoverskot ein ikkje visste korleis ein skulle handtere.

Men det har jo vore kritikarar heile vegen, både mot Acer og kraftkablane. Kvifor har ikkje dei blitt lytta meir til?

Våre beste faglege gjennomgangar viste altså andre ting. Å bruke krigssituasjonen i Europa som bevis på at det var riktig det Acer-kritikarane sa, er feil.

Les også Frykter 7-8 millioner i strømutgifter per måned

Inne i fabrikken hos Ulefos Jernværk

Får refs av Listhaug

No ryk også Høgre og Frp i tottane på kvarandre.

Frp-leiar Sylvi Listhaug var snar med å refse Høgre-leiar Erna Solbergs forslag onsdag om å skunde på auka straumstøtte til folk med ein månad.

– Dette held rett og slett ikkje, Erna!

Det skriv Listhaug på si Facebookside. Ho går til det skrittet at ho kallar Høgre for «den største bremseklossen for at vi skal få politisk styring på kraftkrisa».

Overfor NRK avviser Solberg tvert at Høgre er nokon bremsekloss. Dessutan går ho til åtak på politikken til Frp.

– Dei løysingane Frp har fremma vil ikkje få styring på nokon kraftkrise. Dei har fremja forslag som vi har stemt imot fordi vi meiner dei er feil, seier Høgre-leiaren.

Ho meiner ein med Frps forslag risikerer å gjere kraftkrisa verre, sjølv om folk får mindre å betale.

Les også Sp-toppens sommerløfte: Varsler tiltak mot prissjokk

Marit og Eli Arnstad hjemme på Arnstad Vestre på Skatval sammen med hunden Ludde.

Avviser makspris på straum

Frp-leiaren lister opp følgande saker ho saknar støtte til frå Høgre:

  • 50 øre makspris på straum for hushaldningar og bedrifter.
  • skrote elektrifiseringa av sokkelen.
  • stille krav til magasinfyllinga.
  • avgrense straumeksporten til utlandet.

Til forslaget om makspris peiker Solberg på at det ikkje bidreg til at folk sparar straum, noko dei bør no når det er mangel på kraft.

– Så er det fleire ting enn straum som er viktige: bensinprisar, renta og så vidare. Vi må sjå på målretta tiltak for dei som har eit mindre økonomisk handlingsrom, seier Høgre-leiaren.

Ho skil også på tiltak for hushaldningar og bedrifter, og seier dei vil kome tilbake til det sistnemnde.

Les også Ukraina-krigen bremsar norsk havvindsatsing

Hywind Tampen

Vil vurdere eksportstans

Støre-regjeringa held no på med å sjå på fleire tiltak, som å stanse straumeksporten når forsyningssikkerheita er truga.

Det er ikkje Solberg heilt avvisande til overfor NRK.

– Vi må sjå på korleis dei legg det opp. Eg håper på ein regnfull haust, særleg på Austlandet, så vi får fylt opp vassmagasina.

Les også Framleis stor krafteksport – trass «spare-instruks»

Svartefoss kraftverk i Fjaler kommune

AKTUELT NÅ