Hopp til innhold

Flaks avgjer millioninntekter

Klokka 10 i dag er det klart for tidenes lotteri om lotteri. Tre lotteri-lisensar, kvar med ein årleg omsetnad på 300 millionar kroner i ni år framover, skal tildelast frivillege organisasjonar. Det skjer ved loddtrekning. Flaks avgjer kven som får millioninntekter - taparane får ingenting.

Penger

Det er to år sidan regjeringa bestemte at ein skal sleppe til fleire store landsomfattande lotteri utanfor Norsk Tipping sin regi, og enda opp med fem lisensar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er ulideleg spennande, rett og slett, seier Nina Jensen i Verdas Naturfond. Ho er ei av mange organisasjonefolk som trippar av spenning før trekninga i føremiddag.

Loddtrekning om fem lisensar

Lotteri- og Stiftelsestilsynet trekkjer tre spel-lisensar, kvar med eit omsetningstak på 300 millionar kroner i året dei neste ni åra. To organisasjonar har fått tildelt lisens utan å måtta delta i trekninga:

* Norges Røde Kors

* Den norske UNICEF-komiteen

Fem frivellege organisasjonar kjempar om dei tre siste lisensane:

* Verdas Naturfond og SOS-Barneby

* Plan Norge og Care Norge

* Strømmestiftelsen

* Right to Play

* Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet

Statssekretær Bård Folke Fredriksen i Kulturdepartementet grunngir i ein epost til NRK avgjerda om at tildeling av lotterilisensar skal skje med loddtrekning slik:

«...Departementet har vurdert hvordan man skulle tildele tillatelser i en situasjon med flere godkjente søkere enn lotterier, og kommet til at loddtrekning er det mest hensiktsmessige...»

Føler seg urimeleg behandla

Tidleg på 2000-talet skisserte Nina Jensen og Verdas Naturfornd (WWF) eit nytt lotterikonsept, og det er mellom anna det initiativet som er utgangspunktet for dei fem lotterilisensane Kulturdepartementet no skal dela ut.

Med dette som bakteppe, meiner ho det er urimeleg at WWF skal risikera å bli ståande utanfor medan andre får tildelt lotterilisens utan ein gong å vera med i trekninga.

Nina Jensen

– Det er så urimeleg at eg nesten ikkje finn ord for det, seier Jensen.

Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

– Det er så urimeleg at eg nesten ikkje finn ord for det, seier ho.

Det er to år sidan regjeringa bestemte at ein skal sleppe til fleire store landsomfattande lotteri utanfor Norsk Tipping sin regi, og enda opp med fem lisensar. Mange organisasjonar meldte seg på. Medan Norges Røde Kors og UNICEF-komiteen i Norge har fått tildelt kvar sin lisens, må alle dei andre gjennom nervepirrande loddtrekning i dag.

Rivalisering mellom organisasjonane

Mange klager på vedtak undervegs har gjort prosessen lang og kronglete.

– Det er skuffande at store organisasjonar som tener godt i dag klagar på andre organisasjonar sine søknader og hindrar dei i å få desse rettane, seier Jensen.

– Det viser at det er enorm rivalisering i denne marknaden, legg ho til.

Dersom Verdas Naturfond ikkje er ein av tre heldige som blir trekt ut i dag, vil ikkje Nina Jensen gi seg:

– Då tar vi kontakt med kulturministeren og andre sentrale politikarar for å sjå om det er rom for fleire lisensar.

Men der er det lite å henta, ifølgje statssekretæren:

«Slik forskriften er, tillater vi kun fem tillatelser til store lotterier. Grunnen til det er at det private lotterimarkedet skal være begrenset og på et forsvarlig nivå, blant annet av hensyn til enerettsmodellen for pengespill. Regelverket er nytt og nylig vurdert. Det er ingen planer om å endre på...»

AKTUELT NÅ