Det er ikkje første gongen at fiskeriministeren er ute i hardt vêr på grunn av sitt deleigarskap i Sinkaberg-Hansen. I fjor blei selskapet frifunne frå påstandar om miljøkriminalitet.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIXFiskeriminister Lisbeth Berg Hansen (Ap) eig om lag ti prosent av oppdrettsanlegget og familiebedrifta Sinkaberg-Hansen AS.
Etter å ha vore på uvarsla besøk ved Sinkaberg-Hansen sitt anlegg i Risværgalten I Nord-Trøndelag, meiner Miljøvernforbundet å ha funne prov på at havbotnen er kraftig forureina på grunn av dei opne merdene.
– Botnen under merdene er er ei stor skittkake med masse bakteriar på toppen, seier leiaren i forbundet, Kurt Oddekalv.
- LES OGSÅ: Minister i evig trøbbel
Inspiserte med ubåt
Utstyrt med miniubåt har miljøvernaktivisten Oddekalv filma botnen under fiskerministeren sine laksemerder, og etterprøvd det Sinkaberg-Hansen har rapportert inn til styresmaktene.
NRK var med miniubåten 70 meter ned i djupet. Havbotnen som vart filma der var tydeleg påverka av oppdrettsanlegget på overflata.
Ifølgje Miljøvernforbundet er forureininga der skadeleg for livet på havbotnen. I tillegg spreier restane av fiskefôr ofte tilsetningsstoff og medikamentrestar til andre fiskeslag i sjøen.
Toppkarakter i eigen rapport
Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet.
Foto: NRKOddekalv sine funn står ikkje i samsvar med det som selskapet sjølv har rapportert inn i ein miljørapport.
Oppdrettsanlegget Risværgalten har nemleg fått beste karakter på den siste miljørapporten som er send til fiskeridirektoratet.
– Me inspiserte området for å sjekka om selskapet sin eigen miljørapport stemte. Føresetnaden for at dei skal få lov til å halda på med desse opne merdene er at det ikkje blir skit og forureining under anlegga. Når me påviser at det forureinar, meiner me det er eit lovbrot, for å sei det rett ut, seier Oddekalv.
– Næringa fuskar med rapportane
Ei forklaring på dei sprikande resultata frå Oddekalv sin inspeksjon og selskapet sin eigen rapport, er at målemetodane som vert nytta i rapportane baserer seg på eit gjennomsnitt av resultata frå fleire målepunkt.
Anlegget ligg i eit kupert terreng, og i den siste miljørapporten er sju av ti grabbprøvar (markert med grønt på illustrasjonsbiletet under) tekne oppe på fjellryggane der forureininga blir førd vekk med straumen.
Dei tre målepunkta nede i søkket (markert med raudt) får dårlegast karakter. Likevel blir gjennomsnittet bra.
– Eit døme på at næringa fuskar med miljørapportane sine, meiner Oddekalv.
(Artikkelen held fram under biletet)
Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet kritiserer målemetoden som oppdrettsanlegga sine miljørapportar baserer seg på.
Foto: NRKHan trur ikkje at anlegget ville har vorte godkjend dersom målemetodane var annleis.
Etter funnet av den gigantiske «skittkaka» under merdene, har miljøvernaktivisten meldt selskapet som fiskeriministeren er deleigar i til politiet.
Nektar for påstandane
Fiskeriministeren sjølv trekte seg måndag frå ein intervjuavtale med NRK, og nektar å kommentera påstandane frå Miljøvernforbundet.
Berg-Hansen viste i staden til selskapet sin daglege leiar på hovudkontoret i Rørvik, Finn Sinkaberg.
– Miljøprøvane våre frå Risværgalten er svært bra, vil eg sei. Me meiner at me har alt på stell, seier han.
Sinkaberg Hansen AS har også tidlegare vorte meldt til politiet av Miljøvernforbundet for miljøkriminalitet. Sinkaberg-Hansen blei i fjor etterforska av Økokrim for påstandar om feilrapportering av lakserømming og høge førekomstar av lakselus.
Fiskeridirektoratet frikjende då selskapet,og saka blei henlagt av statsadvokaten.
Fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen ville måndag ikkje kommentera påstandane frå Miljøvernforbundet.