Dette skjer etter at konsulentfirmaet Deloitte har fått i oppdrag å gå gjennom Telenors forhold til VimpelCom. Dei fire vil vere ute av teneste så lenge granskinga varer.
– Vi har ingen grunn til å tru at desse leiarane har vore involverte i den påståtte korrupsjonssaka i VimpelCom. Dette er fortrudde medarbeidarar med solid bakgrunn i Telenor. Dette blir gjort for at det ikkje skal kunne stillast spørsmål ved den uavhengige granskinga som blir gjennomført av Deloitte, seier Sigve Brekke til NRK.
VIDEO: Konsernsjef Sigve Brekke orienterer om permitteringane av fire leiarar i Telenor.
– Korrekt måte
Rusten og Sjulstad vil presisere at dei har vore delaktige i at VImpelComs investeringar i Usbekistan er tekne vidare på korrekt møte. Dei to vil ta imot full lønn medan dei er ute av teneste. Sigve Brekke seier at det same også gjeld finansdirektøren og juridisk direktør.
Konsernsjef Sigve Brekke finn grunn til å minne om at det er VimpelCom som er tiltalt for korrupsjon, og at Telenor berre har ein vitnestatus i denne saka. Det å fristille fire medarbeidarar, seier han, er berre eitt av fleire tiltak.
– Først tok styret ei avgjerd om å selje oss ut av VimpelCom, deretter kom avgjerda om ei uavhengig gransking av vår rolle. Fristillinga av dei fire medarbeidarane er det siste tiltaket, seier Brekke til NRK.
Ny finansdirektør
Morten Karlsen Sørby vil inntil vidare fungere som finansdirektør i Telenor.
Foto: TelenorMorten Karlsen Sørby blir finansdirektør medan Richard Olav Aa er permittert. Han har vore styremedlem i VimpelCom sidan februar i år, men han trer no ut av denne rolla. Gunnar Holt vil heretter representere to røyster i VimpelComs styre, heiter det i ei pressemelding frå Telenor.
Rusten og Sjulstad representerte altså Telenor som styremedlemer i VimpelCom, medan Aa og Espen gjennom funksjonane sine i konsernet har ytra uro over det som har gått føre seg i VimpelCom. Richard Olav Aa og Pål Wien Espen er begge med i konsernleiinga i Telenor.
– Alvorleg sak
– Dette viser kor alvorleg VimpelCom-saka er, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixI ein kort kommentar seier næringsminister Monica Mæland (H) følgjande:
– Vi tek dette til etterretning. Dette understrekar på ny alvoret i saka. Eventuelle spørsmål må rettast til Telenor.
Telenor er minoritetsaksjonær i VimpelCom, som no blir etterforska for korrupsjon av nederlandske og amerikanske styresmakter for investeringane i Usbekistan.