Hopp til innhold

Finn åtvarar mot ny svindelmetode

Fleire annonsørar på Finn har den siste tida blitt utsette for svindelforsøk. Berre den siste veka er det rapportert om fire forsøk der det blir brukt kvitteringar frå ein fiktiv betalingsteneste.

Geir Petter Gjefsen, sikkerhetssjef i Finn

ÅTVARAR: Tryggingssjef Geir Petter Gjefsen åtvarar mot ein ny svindelmetode på nett.

Foto: Caroline Roka

Dei siste åra har omfanget av nettsvindel auka i Noreg. Nettmarknadsplassen Finn har også fleire gongar måtte gå ut og åtvare brukarane om forsøk på svindel gjennom nettsida deira.

Medan det tidlegare ofte har vore kjøparane som har blitt forsøkt svindla gjennom Finn, er det annonsørane som er målet i den nye metoden, seier tryggingssjef i Finn, Geir Petter Gjefsen til NRK.

– Svindlarane opprettar kontakt med seljar ved å sende ein SMS, der dei ber om at den vidare kontakten skal skje på e-post.

Dersom ein følgjer oppmodinga, kjem det som regel fram at det ikkje er mogleg for kjøparen å hente vara sjølv. Vedkomande ønsker difor å gjennomføre handelen med Finn-sikra betaling. Og ber seljar logge seg på ein tilsendt lenke med Bank ID.

Har ikkje betalingsløysing i dag

Etter ei tid får seljar tilsendt kopi av ei kvittering frå Finn Betalingsgaranti om at pengar for vara og transport er betalt inn på konto, og så ber dei seljar om å overføre transportkostnadane til eit kontonummer som skal tilhøyre eit transportselskap.

– Problemet er at det ikkje er noko som heiter Finn betalingsgaranti. Dette er svindel., seier Gjefsen.

Finn hadde ei betalingsløysing tidlegare, men ho blei avvikla i 2018. Gjefsen seier at dei jobbar med å finne ei ny løysing, men det er uvisst når dette kan skje.

Falsk kvittering Finn

Svindlarane sender kvittering frå Finn betalingsgaranti for å vise seljarar at dei har overført pengar. Problemet er at Finn ikkje har ein slik betalingsteneste i dag.

Foto: Finn

Åtvarar

Den siste veka er det rapportert om fire tilfelle av svindelforsøk på denne måten. Og det skal ifølgje Gjefsen vere snakk om betydelege summar. Finn trur svindlarane sit i utlandet.

Men det at dei får annonsørane ut av meldingssystemet til Finn gjer det vanskeleg for selskapet å følgje opp.

– Dersom du blir beden om å gå ut av meldingssystemet vårt og over på e-post for å gjennomføre ein handel, bør det ringe ei bjølle. Det tryggaste for både seljar og kjøpar er at dei bruker meldingssystemet, slik at vi kan kontrollere i ettertid dersom det skulle skje noko.

For å åtvare annonsørar mot svindelforsøka, kjem Finn no til å legge inn ein tekst på kvitteringa folk får når dei legg ut nye varer. I tillegg til at dei har lagt ut informasjon på nettsidene sine.

Gjefsen seier også at alle som opplever noko uønskt på Finn.no bør melde frå om dette. Finn oppmodar også alle som har blitt svindla eller forsøkt svindla til å melde det til politiet.

AKTUELT NÅ