Finanstilsynet refsar bankar for manglande kontroll av betalingsevne

Finanstilsynet meiner fleire bankar som tilbyr forbrukslån, ikkje sjekkar kundane si betalingsevne godt nok.

Tore Batzersen i Finanstilsynet.

Morten Baltzersen er direktør i Finanstilsynet. Han er uroa over at bankar gir lån til kundar med svak betalingsevne.

Foto: NRK

Tilsyna har blant anna avdekt manglar ved kredittvurderinga. Bankane har ikkje teke godt nok omsyn til alle dei relevante utgiftene til kunden, eller dei undervurderte bu- og levekostnadene.

– Vi ser at kundar som etter våre retningsliner ikkje burde ha fått forbrukslån, likevel fekk innvilga lån, seier direktør i Finanstilsynet, Morten Baltzersen til NRK. Han fortel også at fleire av bankane undervegs i søknadsprosessen aktivt har tilbode høgare lån enn det kunden har søkt om.

– Dette er ikkje i tråd med god forretningsskikk, seier Baltzersen.

– Følgjer nøye med

I merknader til bankane, peikar Finanstilsynet på deira ansvar for å følgje opp at også agentar følgjer regelverket som bankane skal følgje. Han viser til at bankane sin utlånspraksis er regulert i ei fersk forskrift.

– Vi kjem til å følgje nøye med på dette, og vi reknar med at bankane følgjer dei føreskriftene som gjeld, seier han.

Han fortel at det har vore ein sterk vekst i forbrukslån dei siste åra, og det har også vore ein auke i talet på misleghaldne lån. Og det igjen betyr at fleire menneske kan hamne i eit alvorleg økonomisk uføre.

Direktøren i Kredittilsynet fortel at tilsynet har avdekt tilfelle der banken har gitt kunden lån som er høgare enn det dei har bede om.

Les heile rapporten her

– Betydelege problem

– Tilbodet av usikra kreditt gir forbrukarane sjansen til å jamne ut forbruket over tid, men slike lån kan også skape betydelege problem for forbrukarar som får lån dei seinare ikkje klarar å handtere. Det er viktig at bankane sikrar forbrukarane sine interesser ved å gjere gode kredittvurderingar og ikkje gir lån utover det kunden faktisk har søkt om, seier Baltzersen.

Han gjer det klart at Finanstilsynet er uroa over auken i misleghaldne lån.

– Utviklinga viser at ein betydeleg del av kundane sjølv i gode tider får problem med å handtere låna bankane gir dei, seier Baltzersen.

Han åtvarar om at om det kjem eit tilbakeslag i norsk økonomi, så vil bankane vere ekstra utsette. Dette sjølv om omfanget av forbrukslån framleis utgjer berre ein liten del av dei samla gjelda til norske hushaldningar.

Bankane som er granska i denne undersøkinga er Instabank ASA, Bank Norwegian AS, Easybank ASA, Komplett Bank ASA, Monobank ASA og Santander Consumer Bank AS.

Alle bankane får kritikk av Finanstilsynet, men for ulike ting. Baltzersen presiserer at det er snakk om alvorleg kritikk

Slik blir de nye reglene for forbrukslån

Dette er banken som gir boliglån til «dårlige betalere»

Konkurransetilsynet kritiserer garantiordning – mener den fører til flere forbrukslån

Risiko for tap

Finanstilsynet meiner det er betydeleg tapsrisiko knytt til desse bankane si verksemd. Fleire av bakane har omfattande verksemd i utlandet og har planar om å ekspandere vidare.

– Høg utlånsvekst og satsing i marknader utanfor Noreg er med på, saman med auka risiko for utlånstap, til operasjonell risiko, seier Morten Baltzersen.

Finanstilsynet lovar å halde fram med å rette stor merksemd mot bankar som tilbyr forbrukslån.

SISTE NYTT

Siste meldinger