Finansnæringa er meir oppteken av klima: – Stor endring

Finansnæringa har fått auga opp for den økonomiske risikoen ved klimaendringane. No bankar dei på døra til klimaforskarane for å forstå kva som er i ferd med å skje med kloden vår.

4sWBizA72Ds

FÅR MEIR MERKSEMD: Kristin Halvorsen siger at det ikkje er noko tvil om at klimaendringane har fått mykje meir merksemd frå finansnæringa, berre det siste året.

Foto: Terje Bendiksby

– Vi merkar ei stor endring berre det siste året. No kjem finansbransjen til oss, fordi dei vil forstå korleis klimaet kjem til å endre seg, seier direktør ved Cicero senter for klimaforsking, Kristin Halvorsen.

Når vêret blir villare og varmare, kan det bety store økonomiske tap for mange ulike næringar.

Når det i tillegg er eit spørsmål kva næringar som vil vere mest lønsame i ei tid med store klimaendringar, tykkjer den tidlegare SV-leiaren at det er naturleg at stadig fleire finansfolk bankar på døra hennar.

Halvorsen seier at dei får spørsmålet om både risiko og lønsemd inn i framtida.

– Kjem ein til å tape pengar på ekstrem nedbør, overvatn eller andre former for klimaskade? Men også, kva slags prosjekt for framtida vil vere lønnsame når utsleppa skal ned til null?, spør ho.

Sentralbanken opptatt av klimarisiko

Flaum - Lærdal

FLAUM: villare og våtare ver kan gje økonomiske tap i åra framover.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og sentralbanken er òg opptekne av klimaendringar og konsekvensen av dei. Det er ei heilt anna merksemd rundt dette no, seier direktør i Noregs Bank, Torbjørn Hægeland.

– Den tilpassinga som vi må gjere i møte med klimaendringane, det må òg finansbransjen ta omsyn til, seier Hægeland.

Kvifor skal Noregs Bank vere opptatt av klimarisiko?

– Noregs Bank har som ein del av mandatet sitt å bidra til stabilitet i det finansielle systemet. Då er klimarisiko ein del av heile det risikobiletet vi ser på, seier han.

Gjorde det betre på børsen

Ein analyse frå verdas største kapitalforvaltar, Black Rock, viser at selskap som reduserte karbonavtrykket sitt mest, gjorde det betre på børsen enn andre i åra frå 2012 til 2016.

Men det å ta særleg omsyn til miljøet og klima, kan òg komme med ein prislapp.

Det norske oljefondet har fleire titals milliardar investert i grøne aksjar. I perioden 2010 til og med 2018 gav dei grøne aksjane ei avkasting som var berre halvparten av det resten av aksjane gav.

– Lønner seg å investere berekraftig

Agathe Schjetlein, berekraftsdirektør i Finans Noreg, meiner likevel at den økonomiske risikoen er størst ved det å ikkje investere berekraftig.

– Viss du ser på kva risikoen kan vere ved å ikkje investere berekraftig eller grønt, så trur eg reknestykket totalt sett vil vere positivt, og at det heller vil lønne seg framfor å gi ei lågare avkasting, seier Schjetlein.

Finansnæringa er i mykje større grad enn tidlegare oppteken av kva slags økonomisk risiko klimaendringane inneber.

Det meiner Cicero senter for klimaforsking, som i meir enn 30 år har forska på tematikken.

– Selskapa prøver å finne ut av korleis dei kan tene pengar i ei framtid med lågare klimautslepp, seier administrerande direktør Kristin Halvorsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger