Filippinske mødrer tar presidenten til retten

30.000 menneske har blitt drepne etter at president Rodrigo Duterte starta «krigen mot narkotika». No ønsker familiane til dei drepne rettferd.

Ei mor sørger over drapet på sonen hennar

Ei mor sørger over drapet på sonen sin, som var mistenkt for å bruke dop.

Foto: Noel Celis / AFP

Tidleg om morgonen 11. mai 2017 forlét Crisanto Lozano sin heim i Manilla, Filippinanes hovudstad. Då ettermiddagen kom var han endå ikkje tilbake, og han tok heller telefonen.

Så innsåg familien at hans veslebror, Juan Carlos, heller ikkje var å spore opp.

Dagen etter kom nyheita om at to lik var funne i nærleiken. Brødrene på 34 og 31 år hadde blitt skotne i ein politiaksjon.

– Sjølvsagt vil politimennene skyte, skyte og skyte, seier brødranes mor, Llore Pasco, til The Guardian.

– Fordi han beordra dei til å drepe, drepe, drepe, seier ho og viser til landets president.

Lova å drepe 100.000 kriminelle

– Viss du kjenner nokon dopavhengige kan du drepe dei sjølv. Å få foreldra til å gjere det ville vore for smertefullt.

Rodrigo Duterte

Rodrigo Duterte blir skildra som ein autoritær president.

Foto: Bullit Marquez / AP

Det var beskjeden frå Rodrigo Duterte like etter at han blei valt til president i Filippinane i 2016.

Duterte har ført ei hard linje i landet. I løpet av valkampen lova han at kriminaliteten og narkotikaen ville bli utrydda i Filippinane.

– I løpet av mine første seks månader som president skal vi drepe 100.000 kriminelle. Det skal flyte så mange tusen lik av kriminelle i Manila-bukta at fiskane blir feite, uttalte mannen som vann valet med 39 prosent av stemmene.

undefined

Ein person ligg død på bakken etter å ha blitt drepen av politiet under aksjon i 2016.

Foto: Ted Aljibe / AFPFoto: Ted Aljibe / AFP

61 advokatar døde

Llore Pasco har kjempa i fire år for å få ein stopp på drapa. Saman med seks andre mødrer leverte ho ei oppmoding til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for å krevje at Duterte blir tiltalt og stilt ansvarleg for drapa.

Gjennom organisasjonen «Rise Up for Life and for Rights» har dei samla inn og dokumentert hundrevis av tilfelle der folk har blitt drepne på grunn av doprelaterte årsaker.

"Stopp drapa, tiltal Duterte"

Det har blitt arrangert mange demonstrasjonar mot narkotikapolitikken i landet, her frå juni 2021. «Stopp drapa, tiltal Duterte», står det på banneret.

Foto: Aaron Favila / AP

Første gongen dei leverte dokumenta til ICC var i august 2018. På dette tidspunktet blei folk drepne i raskt tempo.

– Gruppa var avventande, seier advokat Kristina Conti, som representerer familiane.

Ho fortel at andre mødrer ikkje turte å snakke om drapa på sine barn. Dei frykta at andre familiemedlem kunne bli sett i fare.

Å jobbe som advokat er heller ikkje utan risiko. 61 advokatar som har jobba med narkotika-drap, har blitt drepne etter at Duterte kom til makta i 2016. Også Conti har mista kollegaer.

– Det er ein generell frykt, som er usagt. Å forsvare narkotikasaker, er som å be om ein dødsdom. Du set ein blink på ditt eige hovud, fortel ho.

– Brot på menneskerettane?

I september stadfesta ICC at dei ville starte etterforsking mot Dutertes narkotika-krig. Dei meinte det såg ut til å vere eit «utbreitt og systematisk angrep mot sivilbefolkninga».

Dei anslår at så mange som 30.000 menneske har blitt drepne som følge av «krigen».

undefined

Ei kone klemmer mannen sin, som har blitt skoten. Gjerningspersonen la igjen eit skilt der det stod «I'm a pusher», oversett til «eg er ein langar»

Foto: Noel Celis / AFPFoto: Noel Celis / AFP

Presidenten har stort sett ignorert ICC, og nektar å samarbeide med dei. Han har til og med uttalt at han helst vil klappe til dommarane, skriv Rappler.

I løpet av hans første to månader som president blei 2000 narkotikalangarar og -brukarar drepne. FN gjekk ut og kalla den nådelause jakta for brot på menneskerettane.

– Eit brot på menneskerettane? La meg vere ærleg med dykk, er dette eigentleg menneske? Kva definisjonar er det de har på menneske? svarte Duterte på kritikken.

Håpar fleire vil fortelje sine historier

Llore Pasco meiner derimot presidenten er heldig. Han har fått høve til å forsvare seg, noko sønene hennar ikkje fekk.

Forklaringa Pasco fekk i etterkant av drapa, var at dei hadde vore involvert i eit ran, og at dei vart skotne fordi dei var aggressive mot politiet. At dei har ytt motstand er ei rutinemessig forklaring frå det filippinske politiet i slike saker, hevdar menneskerettsadvokatar.

undefined

Ein mann, mistenkt for å selje dop, blei skoten og drepen av politiet i Manilla.

Foto: Noel Celis / AFPFoto: Noel Celis / AFP

Begge sønene hadde tidlegare brukt dop, ifølge mora, men hadde slutta med det før dei blei drepne.

No håpar Pasco fleire familiar vil fortelje sine historier.

– Kvifor skulle vi vere redde? Det er dei som bør bli redde, for vi fortel berre sanninga, seier ho.

Meiner ingen har blitt sensurert i Filippinane

Duterte har igjen fått merksemd, kanskje uønskt, etter at den filippinske journalisten Maria Ressa blei tildelt Nobels fredspris.

Ho grunnla i 2012 nyheitsnettstaden Rappler, som er ein av dei få media som kastar lys over problem som korrupsjon, propaganda og narkotika-krigen i landet.

undefined

Redaktør i Rappler, Maria Ressa, blei i 2020 kjent skuldig i æreskrenking.

Foto: Eloisa Lopez / ReutersFoto: Eloisa Lopez / Reuters

– Talet på drepne er så høgt at kampanjen har preg av krigsføring mot eige folk, skriv Nobelkomiteen i grunngjevinga.

Berre i løpet av dei to siste åra har filippinske myndigheiter sendt ut ti arrestordre mot ho, og ho har vore arrestert fleire gongar.

Tre dagar etter at prisen blei kunngjort, kom det ein gratulasjon frå presidentens talsperson. Dette er bevis på at pressefridomen i Filippinane lev i beste velgåande, meinte dei.

– Eg håpar dette fører til at journalistane kan gjere ein god jobb, utan frykt, seier talspersonen, som deretter legg til at ingen har blitt sensurert i landet.

Maria Ressa seier til NRK at ho dagleg blir utsett for drapstruslar etter avsløringane ho har brakt fram i lys.

– Du anar ikkje kor mange som har blitt drepne berre timar etter at Duterte starta sin kamp mot narkotikakartella. Men vi har framleis å minne myndigheitene på talet på alle dei drepne, seier fredsprisvinnaren.

  • Les også: Forfølgt og trua på livet – no får ho Nobels fredspris
    Maria Ressa trues av presidenten

    Maria Ressa trues av presidenten

SISTE NYTT

Siste meldinger