Hopp til innhold

FHI: – AstraZeneca er ikkje ein dårlegare vaksine

FHI gjev lovnader om at AstraZeneca-vaksinen er ein god vaksine. Legeforeningen ber helsepersonell seia «ja, takk» til vaksinen dei blir tilbydd.

Geir Bukholm, FHI

Smitteverndirektør i FHI, Geir Bukholm, gjev lovnader om at AstraZeneca-vaksinen er ein god vaksine.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I går gjekk Sykepleierforbundet ut med at dei ynskjer at Folkehelseinstituttet skal revurdera AstraZeneca-vaksinen til helsepersonell.

– AstraZeneca-vaksinen, er slik vi vurderer det, ein veldig god vaksine, seier Geir Bukholm, smitteverndirektør i FHI.

På grunn av for lite dokumentasjon, er AstraZeneca-vaksinen ikkje anbefalt for personar over 65 år.

Dei over 65 år får tilbodet om andre vaksinar.

– Og så startar vi å vaksinera frå 65 år og nedover med AstraZeneca-vaksinen. Det gjeld alle personar. Det gjeld ikkje særskilt for helsepersonell, men det er også helsepersonell under 65 år som vil få tilbodet om denne vaksinen, legg Bukholm til.

Bukholm seier at dei ikkje har grunn til å tru at AstraZeneca-vaksinen er dårlegare enn Pfizer- og Moderna-vaksinen, sjølv om vaksinen har lågare effektmål enn dei vaksinane.

– Det er ikkje ein dårlegare vaksine. Det er ein vaksine som har ein god effekt. Effekttala varierer frå 60 og opp til 82 prosent for mild sjukdom, og vi trur vaksinen har ein veldig god effekt i samband med å førebyggja alvorleg sjukdom, presiserer han.

Dårlegare effekt mot den sørafrikanske varianten

Vaksinen skal ha ein svakare effekt mot den sørafrikanske varianten av viruset.

Det var også det som fekk forbundsleiaren i Norsk Sykepleierforbund til å be FHI revurdera AstraZeneca-vaksinen til helsepersonell.

– Dei tala vi har førebels i samband med redusert effekt for den sørafrikanske varianten, er ganske usikre, seier Bukholm.

AstraZenecavaksinen

USIKKER EFFEKT: AstraZeneca-vaksinen har truleg berre avgrensa beskyttelse mot mild sjukdom som følgje av den nye varianten av koronaviruset frå Sør-Afrika.

Foto: ALAIN JOCARD / AFP

Han legg til at det er anbefalingane som FHI har gått ut med som framleis gjeld.

– Så vil vi jo følgja desse dataa frå AstraZeneca og dei andre vaksinane i forhold til denne virusvarianten frå Sør-Afrika nøye, og etter kvart vurdera om det er grunn til å justera på råda våre, seier han.

Bukholm tykkjer det er sunt at det blir diskusjonar om dei studiane som ligg føre.

– Men så håpar vi sjølvsagt at når ein no får tilbod om denne vaksinen til helsepersonell under 65 år, at dei tek i mot det tilbodet, seier han.

– Sei «ja, takk»

Marit Hermansen, president i Den norske legeforening, seier at dei forventar at FHI kontinuerleg gjer vurderingar av vaksinen.

– Vi må forvente at FHI er opne og kjem med informasjon. Viss det er endringar i den kunnskapen vi no får, må vi endra på strategien. Men no må vi få vaksinert helsepersonell så fort som mogleg, seier ho.

Ho ser i dag ingen grunn til å endra på vaksinasjonsstrategien.

Marit Hermansen

Marit Hermansen, president i Den norske legeforening.

– Vi står overfor muterte virus, og vi kan venta at dei muterer igjen. Der er det usikkert hjå alle vaksinane, seier ho.

Hermansen presiserer at vaksinen er godkjend til bruk for befolkninga, og at det er den vaksinen dei aller fleste av oss kjem til å få.

– Eg vil oppmoda helsepersonell og befolkninga til å seia «ja, takk» til vaksinane når dei får tilbydd ein godkjend vaksine.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT