Hopp til innhold

FHI: – Det kjem ein totalt revidert vaksinestrategi

Smitteverndirektør Geir Bukholm lover at Folkehelseinstituttet kjem med ein ny og endra vaksinestrategi. Mange kommunar i Oslo-regionen med høgt smittetrykk ynskjer seg fleire dosar.

Den første koronavaksinen settes i Norge

Totalt er det vaksinert 221.819 personar for koronaviruset i Noreg.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

I fyrste versjon av denne saka skreiv NRK at vaksinestrategien blir totalt ny, det riktige er at det er ein totalt revidert vaksinestrategi som er venta om eit par veker.

– Det vil etterkvart komme ein totalt revidert vaksinestrategi om eit par veker, seier Bukholm til NRK.

Han vil ikkje røpe noko konkret frå strategien som vert utarbeidd i dei neste vekene. Dei byrjar allereie neste veke, kan smitteverndirektøren røpe.

Fleire kommunar i Oslo-regionen har etterlyst ein ny vaksinestrategi. Dei ynskjer kommunar med høgt smittetrykk skal få fleire vaksinedosar.

Svaret har lenge vore nei – men no skal FHI vurdere strategien på nytt.

I Utsira, som er smittefritt og Noregs minste kommune i folketal, er 19,2 prosent av befolkninga er vaksinerte. I Oslo har 3,2 prosent av befolkninga fått vaksine.

27. desember 2020 blei den første koronavaksinen sett i Noreg. Svein Andersen fekk det historiske stikket.

– Det gjekk heilt fint, svara han då statsminister Erna Solberg spurde korleis det gjekk, sekund etter vaksinen var sprøyta inn i armen.

Smittefrie kommunar toppar liste

No er over 200.000 nordmenn i same klubb som Andersen.

På grunn av at Folkehelseinstituttet har valt ei lik geografisk fordeling av vaksinedosar, finst klubbmedlemmane over heile landet

Av dei 356 kommunane vi har i landet, er Utsira per no kommunen som har den største prosentdelen vaksinert befolkning.

Snø på Utsira

Utsira er Noregs minste kommune i folketal. Kommunen har ikkje hatt eit einaste smittetilfelle under pandemien.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Utsira er Noregs minste kommune i folketal. Der er totalt 39 personar vaksinerte, noko som utgjer at 19,7 prosent av befolkninga er vaksinerte.

Kommunen har ikkje hatt eitt einaste smittetilfelle.

Andre smittefrie kommunar ligg også høgt på lista som prosentvis viser kor stor del av befolkninga som er vaksinerte. Døme på dette er Kvitsøy, Modalen og Leka, som høvesvis har vaksinert 8,5, 8,5, og 8,4 prosent av befolkninga i kommunen.

Oslo kommune på «228-plass»

Oslo kommune er klart den kommunen som har vaksinert flest personar i landet. Det er også kommunen som med 17.828 smitta har hatt klart flest smittetilfelle i landet.

Her er totalt 25.604 personar vaksinerte. Det svarar til 3,7 prosent av Oslo-befolkninga, og kommunen ligg dermed på ein 228-plass på lista som prosentvis viser kor stor del av befolkninga som er vaksinerte.

Porsanger er kommunen der færrast prosent av befolkninga er vaksinerte.

Der er 62 personar vaksinerte. Det svarar til at 1,6 prosent av befolkninga.

I kartet viser prosentvis kor mange som er vaksinerte i kvar kommune. Du kan også søkja i boksen under kartet for å finna kommunen din. Tala blir henta frå FHI og blir oppdaterte dagleg.

503 Backend fetch failed

Error 503 Backend fetch failed

Backend fetch failed

Guru Meditation:

XID: 918008497


Varnish cache server

Strid om vaksinasjonsstrategi

FHI sin strategi om å fordela vaksinar jamt i landet har skapt stor debatt.

Blant anna fortalde smittevernlege og ordførarar i Nord-Noreg til NRK at dei gjerne ventar på vaksinar, til fordel for at Oslo får meir.

Seinast kom det fram at 65 kommunar på Austlandet har gått saman i eit opprop der dei krev skeivfordelingar av vaksinar. Det var VG som omtalte saka fyrst.

Dette var også tema i Dagsnytt 18 i går kveld. Der var Hanne Opdan (Ap), ordførar i Nordre Follo, til stades for å argumentera for oppropet.

– Fleire ville ha døydd

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Saliba Andreas Korkunc, sa i Dagsnytt 18 at han hadde forståing for oppropet.

Saliba Andreas Korkunc

Saliba Andreas Korkunc, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Samstundes peikte han på at FHI har gjort «grundige modelleringar om kva som ville skjedd om berre visse område med vedvarande høg smitte hadde fått vaksinane»:

– Dei kom fram til at om vi hadde gjort det no, med dei relativt få dosane vi har, så vile fleire personar døydd og fleire personar hadde fått alvorleg sjukdom i heile landet, sa Korkunc.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Dagens viktigaste debattar, intervju og kommentarar direkte frå radiostudio.

Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI seier til NRK i dag at det er meir og meir sannsynleg at vi får fullvaksinert den vaksne norske befolkninga innan sumaren startar.

– Dei optimistiske scenariene tilseier at vi nå vil ha fullvaksinert den vaksne befolkninga til 1. juli, seier Bukholm.

AKTUELT NÅ