I fyrste versjon av denne saka skreiv NRK at vaksinestrategien blir totalt ny, det riktige er at det er ein totalt revidert vaksinestrategi som er venta om eit par veker.
– Det vil etterkvart komme ein totalt revidert vaksinestrategi om eit par veker, seier Bukholm til NRK.
Han vil ikkje røpe noko konkret frå strategien som vert utarbeidd i dei neste vekene. Dei byrjar allereie neste veke, kan smitteverndirektøren røpe.
Fleire kommunar i Oslo-regionen har etterlyst ein ny vaksinestrategi. Dei ynskjer kommunar med høgt smittetrykk skal få fleire vaksinedosar.
Svaret har lenge vore nei – men no skal FHI vurdere strategien på nytt.
I Utsira, som er smittefritt og Noregs minste kommune i folketal, er 19,2 prosent av befolkninga er vaksinerte. I Oslo har 3,2 prosent av befolkninga fått vaksine.
27. desember 2020 blei den første koronavaksinen sett i Noreg. Svein Andersen fekk det historiske stikket.
– Det gjekk heilt fint, svara han då statsminister Erna Solberg spurde korleis det gjekk, sekund etter vaksinen var sprøyta inn i armen.
Smittefrie kommunar toppar liste
No er over 200.000 nordmenn i same klubb som Andersen.
På grunn av at Folkehelseinstituttet har valt ei lik geografisk fordeling av vaksinedosar, finst klubbmedlemmane over heile landet
- Les også:
Av dei 356 kommunane vi har i landet, er Utsira per no kommunen som har den største prosentdelen vaksinert befolkning.
Utsira er Noregs minste kommune i folketal. Kommunen har ikkje hatt eit einaste smittetilfelle under pandemien.
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRKUtsira er Noregs minste kommune i folketal. Der er totalt 39 personar vaksinerte, noko som utgjer at 19,7 prosent av befolkninga er vaksinerte.
Kommunen har ikkje hatt eitt einaste smittetilfelle.
Andre smittefrie kommunar ligg også høgt på lista som prosentvis viser kor stor del av befolkninga som er vaksinerte. Døme på dette er Kvitsøy, Modalen og Leka, som høvesvis har vaksinert 8,5, 8,5, og 8,4 prosent av befolkninga i kommunen.
Oslo kommune på «228-plass»
Oslo kommune er klart den kommunen som har vaksinert flest personar i landet. Det er også kommunen som med 17.828 smitta har hatt klart flest smittetilfelle i landet.
Her er totalt 25.604 personar vaksinerte. Det svarar til 3,7 prosent av Oslo-befolkninga, og kommunen ligg dermed på ein 228-plass på lista som prosentvis viser kor stor del av befolkninga som er vaksinerte.
Porsanger er kommunen der færrast prosent av befolkninga er vaksinerte.
Der er 62 personar vaksinerte. Det svarar til at 1,6 prosent av befolkninga.
I kartet viser prosentvis kor mange som er vaksinerte i kvar kommune. Du kan også søkja i boksen under kartet for å finna kommunen din. Tala blir henta frå FHI og blir oppdaterte dagleg.