FHI trur fleire fullvaksinerte kan kome på sjukehus

Det har vore ein liten auke av korona-innlagde førre veke. FHI trur at fleire fullvaksinerte også vil kunne bli lagde inn på sjukehus framover.

Avdelingsdirektør Line Vold i FHI

Avdelingsdirektør Line Vold i FHI seier dei reknar med at fleire av dei fullvaksinerte som blir smitta, kan hamne på sjukehus.

Foto: Berit Roald / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Vekerapporten frå FHI viser at det var ein liten auke i innlagde med covid-19 ved norske sjukehus i førre veke.

Foreløpig blir det rapportert om 29 nye pasientar. I perioden veke 25 til 30 blei mellom 17 og 20 personar lagde inn på sjukehus på grunn av covid-19.

– Førekomsten av sjukehusinnleggingar, intensivinnleggingar og dødsfall held seg framleis lågt. Vi trur dette skuldast at vaksinasjonen beskyttar dei eldre og andre med ein høgare risiko for alvorleg forløp, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI i ei pressemelding.

Ho seier at dei reknar det som lite sannsynleg at epidemien blir så stor som i tidlegare bølger, og at kapasiteten til sjukehusa skal bli truga.

Les også: Økt smitte etter sommeren: – Virker som vi har tatt ferie fra koronareglene

Fullvaksinerte på sjukehus

Sjølv om ein er fullvaksinert, kan ein bli smitta av koronaviruset. Men vaksinen gjer at ein kan få ein mildare sjukdom.

Så langt har 1137 fullvaksinerte fått påvist koronaviruset. Av desse har 35 personar blitt lagde inn på sjukehus med covid-19. 29 av desse er i risikogrupper med høg eller moderat risiko for eit alvorleg forløp, står det i rapporten.

– Vi reknar med at det i tida framover blir fleire fullvaksinerte som blir lagde inn på sjukehus, fordi talet på fullvaksinerte vil stige i vekene framover. Foreløpig ser vi at talet på innlagde er lågt, men vi trur det vil stige i vekene framover, seier Vold.

Delta-varianten dominerer i Noreg, og stod for 98 prosent av dei stadfesta tilfella i førre veke, opplyser FHI.

Les også: Høie varsler lettelser i september: – Kan leve som normalt i Norge

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.10.2021
2 954
Smittede siste 7 dager
118
Innlagte
893
Døde
4 193 240
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger