Hopp til innhold

FHI tilråder ikkje bruk av munnbind: – Ein ser lite dokumentasjon på at det har effekt for friske

Folkehelseinstituttet meiner friske personar ikkje treng å bruke munnbind. Samstundes er dei tre store apotek-kjedene utselde for munnbind på nett, og tilgangen i stor grad strupa.

Mann med munnbind

Mann med munnbind på Oslo S (illustrasjonsfoto).

Foto: Thomas Brun / NTB

Det europeiske smittevernbyrået seier munnbind kan redusere koronaspreiing, og ber fleire land om å vurdere å rå folk til å bruke munnbind ute.

I dag har Folkehelseinstituttet gjort ei ny vurdering og bestemt at dei ikkje endrar på råda sine.

– Det kan bli aktuelt seinare, men ikkje per nå. Generelt har vi oppdatert nettsidene våre, der vi skriv litt om kvifor vi ikkje går ut med dette rådet nå. Ein ser lite dokumentasjon på at det har effekt for friske, seier Hanne Merete Eriksen-Volle, seksjonsleiar i FHI.

Ho understrekar at dette kan endrast, og at FHI følgjar både forskinga og situasjonen tett.

– Vi vurderer at munnbind blant friske i befolkninga ikkje er eit effektivt smittetiltak slik situasjonen er i dag, men det kan bli aktuell enkelte stader og i enkelte situasjonar.

Apoteka slit med å få tak i munnbind

– Dei fleste fysiske apoteka våre har kirurgiske munnbind klasse to inne, seier Kjersti Solberg Ofstad, pressesjef i den største apotek-kjeda i Noreg, Apotek 1.

Ifølge Ofstad fekk alle dei fysiske apoteka deira inn munnbind rett før påske, og kjeda har fleire hundre tusen munnbind på lager som dei planlegg å senda ut fortløpande.

Likevel har dei ikkje nok munnbind på lager til å opna for sal på nett. Årsaka til det, seier Ofstad, er uvisse knytt til leveransen.

Kjersti Solberg Ofstad

Kjersti Solberg Ofstad, pressesjef Apotek 1.

Foto: Apotek 1

– Det er på ingen måte lett å få tak i munnbind. Ein veit ikkje om ein faktisk får dei inn før dei står på lageret. Men me håpar å gjera dei tilgjengelege på nett så fort som mogleg.

De prioriterer fysiske apotek. Hadde det ikkje vore betre å senda det ut frå nett med tanke på smittespreiing?

– Når me nå prioritere fysiske apotek, er det fordi det er der majoriteten av våre kundar er. I tillegg ser me at dei fleste som vel levering på nett, vel klikk og hent på apoteket.

Onsdag skreiv NRK at Det europeiske smittevernbyrået nå ber fleire land om å vurdera å råda folk til å bruka munnbind ute.

Tomme for munnbind

Boots Noreg-apoteka har vore tomme ei stund for munnbind. Dei har hatt utfordringar med å få tak i dei på den internasjonale marknaden.

– Prisane på den internasjonale marknaden har auka med ti gongar sidan før koronapandemien, seier kommunikasjonssjef Anne Margrethe Aldin Thune i Boots Noreg.

Anne Margrethe Aldin Thune

Anne Margrethe Aldin Thune, kommunikasjonssjef i Boots Noreg.

Foto: Nina E. Rangoy

Kundane vil merka dette når dei skal kjøpa munnbind, for prisen blir høgare i apoteka òg.

Som eitt eksempel nemner Thune at ein pakke med 50 munnbind i januar kosta i overkant 100 kroner og at same pakke nå kostar like i underkant av 1000 kroner.

– Det er blant anna på grunn av råvaremangel og enorme transportkostnadar, seier Ofstad i Apotek 1 om dei høge prisane og tilgangen på munnbind.

Over 700.000 munnbind på veg

For kundar ute i apoteka, har Boots Noreg vore tomme for munnbind ei stund. Ifølge kommunikasjonssjef Thune, har apoteka i kjeda vore førebudde på at nye krav frå styresmaktene om munnbind kan komma. Nå får dei snart inn eitt stort parti.

Me har ein stor ordre på over 700.000 munnbind på veg til oss, med munnbind klasse ein. Det er relativt enkle munnbind, med ordentleg sertifisering. Dei vil bli tilgjengelege for vanlege kundar når dei kjem inn, seier Aldin Thune til NRK.

Usikker leveranse for Vitus apotek

– Dei kirurgiske munnbinda er me utselde for nå. Norsk Medisinaldepot som grossist har ingen behaldning på lager, men apoteka har nokre munnbind inne, avhengig av kva apotek kunden besøker, seier kommunikasjonsrådgjevar Tonje Kinn i Vitus apotek.

Tonje Kinn

Tonje Kinn, kommunikasjonsrådgjevar i Vitus apotek.

Foto: Privat

Ifølge Kinn slit dei med å få tak i munnbind. Derfor veit dei heller ikkje når dei får inn neste leveranse.

– Etterspurnaden er veldig høg. Me er i dialog med ulike leverandørar kvar dag og ser på alternative leveringar. Men det er vanskeleg å seie når me får inn ei ny forsyning, seier Kinn.

Kva tenker du om at de ikkje har munnbind inne dersom det kjem eit påbod om bruk for friske personar i Noreg?

– Her må helsestyresmaktene komma med nye retningslinjer som sikrar fordeling av varer, seier Kinn.

Meiner råd om munnbind kan stoppe viruset raskare

Infeksjonslege Gunnar Hasle gjesta torsdag Dagsnytt 18 for å diskutere råd om bruk av munnbind for friske personar.

Han meiner at eit slikt råd frå helsemyndigheitene kan stoppe viruset raskare.

– Vi er stolte over at reproduksjonstalet til viruset nå er under 1, men råd om å bruke munnbind ville kunne fått talet enda lågare ned eller litt lågare ned, som kan hjelpe oss å bli kvitt viruset raskare, seier Hasle.

– Sjølv om det er få smittetilfelle nå så kan vi ikkje seie at vi ikkje skal bruke eit så enkelt og lite inngripande tiltak i det heile tatt, eg skjønnar ikkje denne logikken, seier han og.

pMqbzVslZHg

OPPMODAR FOLK TIL Å BRUKE MUNNBIND: Infeksjonslege Gunnar Hasle.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Både FHI og Helsedirektoratet understreka torsdag at dei ikkje er mot at folk brukar munnbind, men at dei per nå ikkje ønskjer å tilrå bruk av munnbind for alle.

Hanne Merete Eriksen-Volle frå Folkehelseinstituttet var og med i debatten.

Ho peika på at det og står i rapporten frå ECSC at bruk av munnbind kan skape falsk tryggleik og få folk til å i mindre grad følgje råd frå myndigheitene om sosial distansering.

– For eksempel at sjuke personar vel å gå ut framfor å halde seg heime, seier Volle.

Debatt om norske helsemyndigheiter bør anbefale friske personar å bruke munnbind.

AKTUELT NÅ