FHI seier dei endra meining om eigen koronastrategi

Folkehelseinstituttet ville først ha ein «brems-strategi» for å møte koronapandemien, men seier dei fekk ny informasjon som endra synet deira på saka i dagane fram mot 12. mars.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier dei fekk ny informasjon om koronaepidemien, og at dei derfor vart einige med Helsedirektoratet om krisetiltaka.

Foto: Peter Svaar / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Direktør for Folkehelseinstituttet (FHI), Camilla Stoltenberg, seier dei ikkje hadde noko usemje med Helsedirektoratet om kva tiltak som skulle bli innført i møte med koronaepidemien i Noreg.

I eit lengre intervju med NRK seier ho at instituttet endra oppfatning av situasjonsbiletet frå da dei la fram deira anbefaling den 25. februar, til dei inngripande krisetiltaka vart innført 12. mars.

I rapporten frå februar oppfordra instituttet til ein såkalla «bremse-strategi», og at målet var å utsetje oppstarten av epidemien i Noreg for deretter å flate ut smittekurven.

Stoltenberg vil ikkje seie at dei snudde i saka, men heller at dei fekk nye opplysningar om epidemien.

– Vi var for ein stor pakke, vi var for å vere føre var og for heile den lista som vart vedtatt, forklarar ho.

Studerte ikkje enkelttiltak

FHI-direktøren seier og at dei aldri gjekk inn og vurderte enkelttiltaka som blei vedtatt i mars.

– Vi tok initiativ til å seie at vi meiner vi bør vere føre var, at vi må ta utgangspunkt i at vi har enkelttilfelle vi ikkje kan spore ut av landet og vi foreslo ein rekke tiltak som i stor grad var samanfallande med det som blei vedteke av Helsedirektoratet, seier ho.

Camilla Stoltenberg

Stoltenberg på ein av helsestyresmaktene sine mange pressekonferansar under koronaepidemien i Noreg.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

Ønskte familiekarantene

Stoltenberg peiker likevel på nokon unntak.

– Vi meinte at ein i barne- ungdomsskolar og barnehagar heller burde innført smitteverntiltak i staden for å stengje dei, forklarar ho, og legg til at dei hadde nokon forslag som var strengare enn dei som vart vedtekne av Helsedirektoratet.

– Det viktigaste der var eit forslag om å ha familiekarantene, seier direktøren, og meiner det er et interessant forslag å tenkje tilbake på.

– Når vi no ser at veldig mykje av smitten skjer i familiar, ville det vore eit veldig effektivt tiltak smittevernmessig, men det var eit tiltak som blei vurdert til å ha for store konsekvensar sidan mange ville bli verande i karantene for lenge.

Avhengig av samarbeid

Fleire land har avvikla og redusert smitteverntiltaka sine den siste tida.

I Vietnam spelar dei fotballkampar for fulle tribunar og i New Zealand er restriksjonane heva etter at landets siste korona-pasient blei friskmeldt.

Stoltenberg meiner det står att å sjå korleis det vil gå med desse landa.

– Fleire er avhengig av reising, og at folk kjem inn og ut for at økonomien skal fungere.

FHI-direktøren seier eit mål om å få avvikla og redusere smitteverntiltak kunne vere mogleg å ha i Noreg også.

– Men sjølv om vi hadde oppnådd det, måtte vi ha tenkt på kva som skjer vidare så lenge viruset finst der ute og vi er avhengig av å samarbeide med andre land.

Status Norge

Sist oppdatert: 02.07.2020
8902
Smittet
19
Innlagt
251
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger