Hopp til innhold

Feststøy svekker politiet sin kapasitet

Natt til søndag fekk politiet rundt 400 klagar på festar og bråk i heile landet. Justisminister Monica Mæland er uroa over situasjonen.

Store ansamlinger av festende unge i Frognerparken

MYKJE BRÅK: Politiet fekk i helga rundt 400 klagar på feststøy rundt om i landet. Slike hendingar svekker politiet sin evne til å løyse anna oppdrag.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

– Vi er jo veldig bekymra. Vi har sett aukande smittetal dei siste vekene og vi må alle forsøke å finne tilbake til dugnadsånda. Vi er i ein alvorleg situasjon med omsyn til korona og vi må gjere alt vi kan for å hindre at smitta brer seg. Dessverre så bidrar festar til smittespreiing, seier Mæland.

Fått fleire ressursar

I forbindelse med koronasituasjonen har politidistrikta fått tilført ekstra ressursar. 400 mellombelse stillingar har vorte fylt for å hjelpe til under pandemien.

Monica Mæland

FINN DUGNADSÅNDA: Justisminister Monica Mæland er bekymra for festar som bidrar til at smittespreiing. Vi må alle forsøke å finne tilbake til dugnadsånda, seier ho.

Foto: Vidar Ruud

– Det er sjølvsagt ein situasjon vi skulle ønskje vi slapp å bruke ressursar på, men det gjer vi ikkje. Politiet må vere til stades og dei må slå ned på aktiviteten som bidrar til auka smitterisiko, seier justisministeren.

Leiar i Politiets Fellesforbund Sigve Bolstad seier at politiet gjer det beste dei kan ut av situasjonen og ressursane.

– Blir det mange oppgåver knytt til covid-19 så prioriterer ein først det viktigaste, og det som eventuelt er igjen av ressursar blir prioritert til det. Det er ei beinhard prioritering som må bli gjort og som norsk politi er svært god til, seier Bolstad.

– Budsjettet er stramt

Bolstad er bekymra over budsjettet for politiet. Han meiner dei 400 mellombelse stillingane må bli faste slik at politiet i framtida kan løyse oppdrag på best mogleg måte.

Sigve Bolstad, Politiets fellesforbund

GJER SITT BESTE: Leiar i Politiets Fellesforbund Sigve Bolstad seier at politiet gjer sitt beste for å løyse alle oppdraga dei får under pandemien.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Budsjettet er utruleg stramt. Våre lokallagsleiarar har vore veldig tydlege med oss på at den situasjonen som er no får konsekvensar for å løyse oppdrag. Det er veldig uheldig. Det går utover etterforsking, operativt politiarbeid og investeringar, seier Bolstad.

Justisminister Monica Mæland meiner politiet har godt nok budsjett. Ho seier framtida til dei 400 mellombelse stillingane avhenge av politiet sitt budsjett.

– Det er slik at politiet er den etaten som har fått tilført størst budsjettauking, både i form av pengar og personar dei siste årane. Det jobbar 2800 fleire politi no enn det gjorde i 2013, så kjem vi tilbake til kva som skjer med dei 400 mellombelse henta til koronasituasjonen, seier Mæland.

AKTUELT NÅ