Kristeleg Folkeparti og Venstre går ørlite fram, men begge slit med sperregrensa på NRKs partibarometer for oktober.
Det er sjuande gong at KrF ligg under 4 prosents oppslutning på NRKs månadlege meiningsmålingar.
Partileiar Knut Arild Hareide trur det viser at KrF er nøydd til å gjere eit tydeleg val av samarbeidspartnarar.
– Eg ønskjer at vi skal velje alternativet med eit tyngdepunkt mot sentrum. Det er partiet som må ta det valet. Det blir både spennande og jamt, men eg har tru på å vinne fram 2. november, seier Hareide.
I november samlast KrF til ekstraordinært landsmøte for å ta stilling til samarbeidsspørsmålet. Hareide sjølv meiner at partiet bør sjå mot Ap og Sp.
Ikkje KrF-effekt enno
Alle endringane på månadens måling er innanfor feilmarginen, og derfor er det vanskeleg å slå fast om det er reelle endringar på gang samanlikna med septembermålinga.
Samstundes kan tala seie noko om tendensar i veljarmassen.
Meiningsmålinga vart utført mellom måndag 24. september og laurdag 29. september. Dei fleste svara kom altså etter at KrF-leder Knut Arild Hareide gav ut boka «Det som betyr noe» førre tysdag, men før han fredag kom med eit tydeleg råd til eige landsstyre om å samarbeide med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Dermed har truleg eventuelle reaksjonar på dette ikkje fått fullt utslag på partibarometeret enno.
Raudgrønt fleirtal
Ap-leiar Jonas Gahr Støre har døra på vidt gap for å vurdere KrF-samarbeid, men dersom oktobermålinga var eit valresultat, ville KrF neppe ha vore like interessant lenger. Partiet ville nemleg berre fått tre mandat på Stortinget, medan SV ville fått 13.
Ein konstellasjon med Ap, Sp og SV ville fått 83 stortingsmandat og berre ha mangla to til for å få fleirtal på Stortinget. Det kunne dei fått med enten dei to mandata til Raudt, eller med MDG – som har fått heile sju mandat og 4,2 prosents oppslutning på denne målinga.
Ap går så vidt litt fram og har dermed stabilisert oppslutninga si på over 26 prosent. Det er første gang sidan mai at sosialdemokratane får meir i oppslutning enn Høgre, som går ned til 24,7 prosent på målinga.
Også støtta til Senterpartiet er stabil på 11,2 prosent. SV går fram 1,1 prosentpoeng til 7,1 prosents oppslutning. Raudt er under sperregrensa att, mot 4,4 prosents oppslutning i september.
Les Lars Nehru Sands kommentar om partibarometeret for oktober.
Borgarleg krise
Med både KrF og Venstre under sperregrensa ville den blågrøne regjeringa ikkje hatt sjanse til å få stortingsfleirtal sjølv med KrF på laget.
Dersom det hadde vore stortingsval no, ville regjeringspartia til saman fått 76 av 169 stortingsmandat, og ikkje ha høve til å få fleirtal med KrFs skarve tre stortingsplassar.
Statsminister Erna Solberg (H) understrekar overfor NRK at KrF og Venstre ofte ligg under sperregrensa før eit val.
– Men når val nærmar seg, er dei partia i stand til å løfte seg og kome over sperregrensa. Så vi må berre slåst for sakene våre. Det er lenge til neste val, seier Solberg.
Solberg er favoritten
Sjølv om berre 45,9 prosent av respondentane i partibarometeret ville stemt på dei fire ikkje-sosialistiske partia, er Erna Solberg (H) framleis favorittstatsministeren for fleirtalet.
51,1 prosent svarar Solberg, medan 33,7 prosent svarar Jonas Gahr Støre (Ap) på spørsmålet om kven dei meiner er best skikka til å vere statsminister i Noreg. 15,2 prosent er usikre på kva dei skal svare.
Blant dei 32 KrF-veljarane som svarar i målinga ønskjer 63 prosent av dei Erna Solberg som statsminister, medan berre 19 prosent ønskjer Jonas Gahr Støre.
Hareide vedgår at Solberg står sterkt i det norske folket.
– Vi hadde ønska oss ei regjering der Erna valde KrF, seier KrF-leiaren.
Les meir: