Hopp til innhold

Ferie er bra for helsa - men dropp jobb-e-posten

Forsking viser at ferie er sunt, men det er usemje blant forskarar om kva som er best av ein lang ferie eller fleire korte. Det å droppe å ta ut ferie kan vere helsefarleg.

Strand utanfor Palma de Mallorca.

Mange nordmenn reiser til sørlegare strøk om sommaren, slik som til strendene utanfor Palma de Mallorca.

Foto: Jaime Reina / AFP

Førsteamanuensis Christina Nerstad ved Oslo Met storbyuniversitet, tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, forskar på motivasjon og jobbengasjement. Ho fortel at all forsking viser at det er bra med ferie, fordi ferie gir høve til kvile og restitusjon.

Likevel ser det ut til at den positive effekten av ferie ikkje varer så lenge.

Christina Nerstad Oslo Met.

– Det er sunt å feriere, men den positive konsekvensen av ein ferie varer ikkje så lenge, fortel førsteamanuensis Christina Nerstad.

Foto: Oslo Met.

– Dei positive konsekvensane av ferie blir gradvis borte når ferien er slutt. Fleire studiar viser at effekten er borte mellom ei veke og fire veker etter ferieslutt, seier forskaren til NRK.

– Senk forventingane

Ekspertar trekkjer fram følgjande du bør passe på for å få mest mogleg ut av ferien din.

  • Tilpass forventingane
  • Gradivis nedtrapping og opptrapping
  • Fullfør arbeidsoppgåver før ferien
  • Ta heilt fri

Avdelingsleiar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, Stein Knardahl, meiner det er viktig å ikkje ha for store forventingar til ferien.

– Det rådet har eg gitt kvar einaste år er å senke forventingane sine til ferien. Det er sjølvsagt vanskeleg, fordi det å drøyme seg bort og planleggje er veldig hyggjeleg. Men husk på at definisjonen på frustrasjon er forventingar som ikkje går i oppfylling, seier han til NRK.

Christina Nerstad meiner at det å gle seg til ferien kan forsterke dei positive effektane av ferie. Ho er også oppteken av at folk skal ta heilt fri i ferien, også frå jobbtelefonar og jobb-e-post.

Stein Knardahl, forskningsdirektør, Statens Arbeidsmiljøinstitutt.(STAMI)

Stein Knardahl er avdelingsdirektør ved Statens arbeidsmiljøinstitutt.

Foto: Stami

Knardahl meiner det ikkje er tvil om at ferie er bra for oss. Ei større undersøking frå Finland i 2015, Helsinki Bussinessmen , fylgde 2000 menneske over fleire år. Det var eit klart funn at dei som tok ingen eller lite ferie hadde langt høgare dødelegheit enn dei som tok ut full ferie.

– Så det er faktisk slik at ferie har noko å seie for helsa vår, seier Knardahl.

Kort eller lang ferie?

Her i landet er det tradisjon med ein lang hovudferie om sommaren, men det er ikkje sikkert at ein lang ferie er betre enn fleire korte ferieperiodar.

– Det er lite som tyder på at lange feriar nødvendigvis er meir gunstige enn fleire korte. Fleire forskarar meiner at det er best for arbeidstakarar å ha fleire korte feriar framfor ein lang, medan andre igjen ser betre effekt av lengre feriar, seier Christine Nerstad.

Ho støttar seg på forskingsrapportar blant anna frå Tyskland og Nederland.

Det er også fleire ting som spelar inn, til dømes om ein arbeidstakar har veldig mykje å gjere både rett før og rett etter ferien. Det er ikkje bra å ha for mange uferdige arbeidsoppgåver på jobben når ein tek ferie. Og det å gå og tenkje på dei uferdige oppgåvene som ventar, kan vere øydeleggande for ferien, meiner ho.

– Då kan dei positive konsekvensane av ferien gå fortare over. Skal du få mest mogleg positivt ut av ein ferie, så er det lurt å planleggje slik at ein får ein gradvis nedtrapping mot ferie og gradvis opptrapping etter ferien, legg ho til.

Sjekk om du drikker for mye i sommervarmen

Forsker: – Nordmenn er som et annet folkeslag om sommeren

– Ta heilt fri

Stein Knardahl er heilt samd i dette.

– Det er klart at om du går og tenkjer på ting du skal gjere når du kjem tilbake på jobb, så klarar du ikkje å kople av, og det er sjølve poenget med ferie. Ikkje nødvendigvis å ikkje gjere noko som helst, men å kople ut og gjere noko heilt anna enn det ein gjer til vanleg, seier han.

– Ta heilt fri når du har fri. Nytt også helgane godt, og hugs på å ha eit tydeleg skilje mellom jobb og fritid. Det er også eit leiaransvar at dei tilsette får nok kvile og mindre tidspress, seier Christina Nerstad.

35 lesetips til fridager

Slik forholder du deg dersom det blir streik

AKTUELT NÅ