Hopp til innhold

Torpedo varetektsfengsla i fire veker

Torpedoen Jan Erik Iversen er varetektsfengsla i fire veker for å ha sett fram truslar mot Kjell Inge Røkke.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen bad om fire vekers varetektsfengsling for torpedoen Jan Erik Iversen.

Foto: Olav Døvik / NRK

Dette er i tråd med kravet frå politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen. Iversen får brev- og besøksforbod i heile perioden, og han blir halden i full isolasjon dei to første vekene av varetektsperioden. Fengslingsmøtet vart halde for lukka dører etter ynskje frå politiet.

Meeg-Bentzen seier han til NRK at han trur at eit avhøyr av den sikta vil skje raskt. Politiadvokaten er klar på at truslane Iversen er sikta for er alvorlege nok til å gi fengselsstraff.

Retten seier at det er viktig at den sikta ikkje få sjanse til å snakke med nokon, både inne i fengselet og utanfor, om den aktuelle saka. Dette kunne ha vorte øydeleggande for politiet si etterforsking av saka, heiter det. Retten meiner at den sikta, utan full isolasjon, kunne ha kommunisert med eventuelle medskuldige og vitne, og såleis øydeleggje bevis i saka.

I avgjerda frå Oslo tingrett heiter det blant anna at det er rimeleg grunn til å mistenkje den sikta for ei straffbar handling som kan gi høgare straff enn fengsel i seks månader.

– Er uskuldig

Benedict de Vibe, forvarsadvokat.

Benedict de Vibe er forsvarar for den trusselsikta torpedoen Jan Erik Iversen.

Foto: Olav Døvik / NRK

Forsvararen til den sikta torpedoen, Benedict de Vibe, seier at klienten hans nektar straffskuld «på det sterkaste». Han legg til at klienten hans meiner han er uskuldig i saka, og at han krev å bli sett fri.

Iversen nektar for å ha gjort noko straffbart, og de Vibe seier at han ikkje har høyrt om truslar i saka.

– Det er nok meir slik at fornærma har sett på situasjonen som ubehageleg, men eg har ikkje høyrt noko om truslar. Det er heller ikkje snakk om pengeutpressing, seier han. De Vibe seier likevel at pengar har vore eit tema mellom Iversen og Røkke.

Forsvarsadvokaten seier også at kontakten mellom Iversen og Røkke starta så tidleg som i 2001 i samband med den såkalla båtsertifikat-saka. Han seier at Iversen har oppheva teieplikta til dei som har vore med på møta mellom dei to, og at han håpar at motparten vil gjere det same.

– Element av alvorlege truslar

Benedict de Vibe seier at slik denne saka står fram, så ville politiet aldri kravd to veker i full isolasjon, om det hadde vore ein vanleg person og ikkje Røkke som var fornærma.

Meeg-Bentzen seier at etterforskinga i saka enno er i ein tidleg fase, og at det kan bli nye arrestasjonar. Iversen vart arrestert for å sett fram truslar mot milliardæren Kjell Inge Røkke . Han seier at politiet ser alvorleg på saka fordi det er element av alvorlege truslar, og på grunn av forhistoria til den sikta.

Advokat Rasmus Woxholt frå advokatkontoret Elden var i retten som bistandsadvokat. Han var svært ordknapp overfor NRK, men sa at det er viktigast no at politiet får gjort ei grundig etterforsking av saka.

Hektisk aktivitet i Oslo tingrett.

Hektisk aktivitet i Oslo tingrett før fengslingsmøtet i ettermiddag.

Foto: Olav Døvik / NRK

Utelukker ikke flere pågripelser etter Røkke-trusler

– Ubehagelege situasjonar

Etter det NRK har fått opplyst skal Røkke ha forklart politiet om fleire ubehagelege situasjonar med torpedoen. Blant anna skal han ha møtt opp fysisk i garasjeanlegget ved hovudkvarteret til Aker på Aker Brygge, og ved minst eitt høve har prøvd å sperre bilen til Røkke med sin eigen bil.

Det skal også ha kome truslar via E-post, telefon og sms. Iversen skal ha kravd ein større pengesum, fordi han meiner Røkke har sverta hans gode namn og rykte.

– Dette har vore ei vanskeleg tid for Røkke og familien hans. Bakgrunnen er ein trusselsituasjon, utan at eg kan kommentere det nærmare no, sa Røkkes bistandsadvokat John Christian Elden til NRK i går.

Krimkommentator Olav Rønneberg om torpedoen Jan Erik Iversen som er pågrepet og siktet for trusler mot Kjell Inge Røkke.

VIDEO: – En kjent skikkelse i underverdenen.

AKTUELT NÅ