Ho ønsker seg lange arbeidsdagar i fengselet

Fengselsbetjent Ragne Opsahl får meir tid til familie og seg sjølv fordi ho kan velje å jobbe lange arbeidsdagar. Ein ny rapport viser at arbeidstakarar og arbeidsgjevarar stort sett er positive etter ei prøveordning med vakter på 12 til 14 timar.

Fengselsbetjent Ragne Opsahl

Fengselsbetjent Ragne Opsahl i Ila fengsel.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Her jobbar eg til dagleg, seier fengselsbetjent Ragne Opsahl (42) og raslar med nøkkelknippet.

Ho slepp oss inn i ei forvaringsavdeling ved Ila fengsel, der eit knippe innsette delar på kjøkenkrok, sofakrok, toalett og dusj.

Arbeidskvardagen her er god, men det kan vere eit krevjande miljø å jobbe i. Difor er Opsahl glad for at ho dei siste åra har kunna velje å jobbe fleksivakter.

– Vi ønskjer lengre friperiodar for å hente oss inn att. Eg kan bestemme fritida mi sjølv og følgje opp barna mine på ein god måte på aktivitetar – også mine eigne aktivitetar, seier Opsahl.

Testar fleksibel arbeidstid

Tidlegare kunne Arbeidstilsynet gi dispensasjon til ulike typar arbeidstidsordningar, men det var ikkje lenger mogleg då lovverket blei stramma inn i 2005.

Innskjerpinga gav ein meir heilskapleg praksis, der dei sentrale partane i staten har ansvar for å inngå avtalar om å fråvike arbeidsmiljølova.

Initiativet til å teste ut såkalla fleksivakter kom frå tilsette ved nettopp Ila fengsel, før dåverande LO-leiar Gerd Kristiansen tok det opp sentralt i 2016.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet var positivt innstilt, og sidan har det halde på tre forsøk med arbeidstid.

Fafo kom tysdag med ein samla evalueringsrapport for prosjekta.

Ragne Opsahl er også tillitsvalt for betjentane i fengselet, og har berre positive tilbakemeldingar å kome med til prosjektet.

Dei håper inderleg at prosjektet kan halde fram etter prøveperioden er ferdig ut 2020.

– Det einaste negative er at vi ikkje kan ha to fleksivakter på rad, seier Opsahl.

Ragne Opsahl

Fengselsbetjent Ragne Opsahl i Ila fengsel.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

280 betjentar

I det første prosjektet har 280 fengselsbetjentar i fem fengsel i Kriminalomsorgen jobba fleksivakter.

Der kan dei be om å jobbe rundt 14 timar i strekk, og så få ein ekstra fridag.

Vidare har Luftforsvaret testa ut ei toskiftsordning med 12-timars vakter veka gjennom i brann-, rednings- og plasstenesta ved tre flystasjonar.

I tillegg har Tolletaten hatt eit prøveprosjekt med samarbeidsturnus ved Ørje tollstad.

– Få negative reaksjonar

– Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar er stort sett positiv til arbeidstidsordningane som er sett i gang, seier seniorforskar Åsmund Seip om konklusjonane i evalueringsrapporten.

Forsker Åsmund Arup Seip ved Fafo

Seniorforskar Åsmund Arup Seip ved Fafo.

Foto: Fafo

– Dei aller fleste svarar at det har forbetra moglegheita til å vere saman med familien, og det er den største årsaka til at folk vel å gå fleksivakter, seier forskaren.

Han rapporterer om svært få negative reaksjonar på dei ulike forsøksordningane.

– Tilsette har kunna styre arbeidstida slik at dei får fri på tidspunkt som er viktig for dei. Det har gitt auka velvære og betre arbeidsmiljø, seier forskaren.

Det er ikkje noko som tyder på at tilsette blir meir slitne eller gjer jobben dårlegare når dei jobbar lange dagar, men rapporten understrekar at dette kan vere underrapportert, fordi det er tilsette som har ønska seg desse arbeidstidene.

Nokre tilsette peikar på at lange vaktar kan erstatte overtid, og meiner det er negativt. Dette har forskarane ikkje gått nærare inn på.

Håper ordninga er komme for å bli

Forskarane har heller ikkje målt sjukefråveret, men ved Ila fengsel har det gått ned samstundes som testperioden har gått, ifølgje fungerande fengselsdirektør Gøran Nilsson.

– Vi reknar med at fleksibilitet i alle fall gjer at sjukefråveret ikkje går opp, og kanskje at det går ned, seier han.

F.v. fungerande fengselsdirektør Gøran Nilsson, statsråd Monica Mæland og fengselsbetjent Ragne Opsa

F.v. fungerande fengselsdirektør Gøran Nilsson, statsråd Monica Mæland og fengselsbetjent Ragne Opsahl utanfor Ila fengsel.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Nilsson peikar på at også pendlarar får ein enklare kvardag når dei får fleire fridagar.

No vonar han forsøksordninga med fleksitid er komme for å bli i kriminalomsorga, og oppmodar andre etatar til å teste ut det same.

– Alle som har skiftordningar bør sjå til oss og lære, seier den fungerande fengselsdirektøren.

Regjeringa utfordrar helsevesenet

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) stemmer i.

– Ute i Kommune-Noreg kan ein kanskje særleg i helsevesenet sjå på korleis dette kan bidra til betre tenester og til mindre deltid, seier ho.

Statsråden er oppteken av at det er dei tilsette og verksemdene som må ta initiativ til prøveprosjekt med lange arbeidsdagar.

– Vi lever ikkje i eit A4-samfunn. Det som passar for nokon, passar ikkje for andre. Det som er veldig gledeleg er at funna er så positive, seier ho.

Ragne Opsahl og Monica Mæland

F.v. fengselsbetjent Ragne Opsahl og statsråd Monica Mæland utanfor Ila fengsel.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

LO Stat negativ til lovendring

Egil Andre Aas i LO Stat er også glad for dei vellukka forsøksordningane. Han er positiv til å forlenge forsøksordningane, men vil først høyre med fagforbunda kva dei tenker om rapporten.

Å skulle gjere fleksiordningane permanente, er han skeptisk til no.

– Det er vel tidleg å skulle gå inn og gjere nokre lovendringar før vi ser dei langsiktige resultata av ei slik ordning, seier han.

Også Aas held fast på at fleksiordningar må vere frivillig for dei tilsette å gå inn i.

– Det må vere opp til den enkelte, seier han.

Egil Andre Aas i LO Stat

Egil Andre Aas i LO Stat.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger