Ni personar evakuert etter brann i Kragerø

Bebuarane frå fem hus på Øya i Kragerø måtte evakuerast etter ein storbrann. Klokka 01.00 melde politiet at brannen var så godt som sløkt.

Evakuert etter brann i Kragerø

Ein grasbrann førte til at ni personar blei evakuert på Øya i Kragerø i tysdag kveld.

Foto: Theo Aasland Valen

– Det glør litt i nokre buskar, men brannen er så godt som sløkt. Brannvesenet kjem uansett til å halde det gåande ei stund til, skriv politiet i Sør-Øst på Twitter.

Det var like før midnatt 110-sentralen i Telemark melde om ein storbrann i terrenget på Øya, som ikkje ligg langt frå Kragerø sentrum.

Stor spreiingsfare

Per klokka 00.30 var bebuarar frå dei fem husa nærast adressa Møllerstubakken 22 på Øya evakuerte. Det opplyste operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt, Marianna Mørch, til NTB.

Det gjaldt til saman ni personar frå dei fem bustadane.

Politiet opplyste då at grasbrannen var kraftig og at vindretninga var mot busetnaden. Spreiingsfaren var stor.

Evakuert etter brann i Kragerø

Rett etter midnatt var brannen sløkt, og folk kunne flytte heim igjen.

Foto: Theo Aasland Valen

Veit ikkje grunnen

Brannvesenet sende alt dei hadde av mannskap til Øya. Ifølgje lokalavisa Varden gjaldt dette styrkar både frå Kragerø og Bamble.

– Vi veit lite om grunnen til brannen. Vi har hatt mange utrykkingar i dette området grunna bålbrenning. Så tørt som det er no kan grunnen vere kva som helst, sa operasjonsleiar ved 110-sentralen i Telemark, Richard Kvalsvik.

Men like før klokka 01.00 kom altså gladmeldinga om at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen.

Rundt klokka 02.30 melde politiet at alle dei evakuerte personane – minus éin – får kome tilbake til husa sine.

I morgontimane fekk alle flytte tilbake til husa sine.

SISTE NYTT

Siste meldinger