Hopp til innhold

Martha blir rik: Her er hennar fem sparetips

YouTube-stjerne Martha (26) var ein sløsar, men har no fått betre kontroll på pengane.

Martha Leivestad

Martha Leivestad har endeleg fått kontroll på økonomien. No deler ho sine råd.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

NRK-profil Martha Leivestad likte ikkje å forholda seg til eigen økonomi.

Gjennom serien «Martha blir rik» har ho og pengane fått ein betre relasjon. Sparemeister er ho kanskje ikkje heilt endå, men no har ho nokre sparetips på lur.

Dei deler ho vidare.

Få pengane vekk frå brukskonto

Martha sitt første bod, er å ikkje ha alle pengane på ein brukskonto.

– Har du spart opp litt, så set dei inn på BSU-en din. Eller set dei inn på fond. Set dei inn på ein plass som det lønnar seg litt, seier Martha.

Står pengane på brukskonto, er sjansen veldig stor for at pengane nettopp blir brukte opp.

– Ikkje la dei stå der. Då er det alt for freistande å bruka dei når helga kjem, seier ho.

Send vippskrav

Har du venner eller familiemedlem som skuldar deg pengar?

Det hadde Martha òg, men det er det slutt på no. Små beløp kan bli store summar totalt. Martha sitt andre bod er å senda vippskrav til unnasluntrarane.

– Det er ikkje ein fiendtleg ting å gjera. Det er heilt lov. Ingen blir sure på eit lite vippskrav, meiner Martha.

Vippskrav har blitt Martha sin fanesak. Ho har til og med laga ein musikkvideo der ho frontar fanesaka. Sjå musikkvideoen «Bitch vipps»:

Har du venner som skuldar deg pengar, er rådet til Martha å senda eit vippskrav.

Lag budsjett

Martha sitt tredje råd er å laga eit budsjett og følgja det opp. Slik kan du bli klar over kor mykje pengar du brukar på ting og tang. Då får du ikkje eit sjokk kvar gong du går inn i nettbanken din.

– Alle kan ikkje vera dotter av Jan Leivestad. Det forstår eg òg, seier Martha.

Pappa Jan laga budsjett til Martha i 2014, men det var ikkje før innspelinga av serien «Martha blir rik» at ho faktisk byrja å bruka det.

Når søndagen kjem, er beskjeden frå pappa Jan å nøye føra inn kva du har brukt den veka. Han er ikkje gniten, og deler meisterverket med alle som har brukt for det.

Planlegg handleturen

Det fjerde bodet til Martha, er å planleggja handleturen.

– Ikkje gå på butikken utan å vita kva du skal eta til middag, eller kva du skal eta til frukost og lunsj, seier Martha.

Ha ein strategi og ein plan når du går inn på butikken.

– Ikkje ver redd for å bruka 700 kroner på mat ein dag, om det skal vara ei heil veke, seier ho.

Er du usikker på kor mykje pengar som er normalt å bruka i månaden på mat? Sifo har laga eit referansebudsjett som viser alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald.

Gå, gå, gå

Elsparkesyklar slukar pengar. Martha sitt femte tips er å gå i staden for å slenga deg på ein sykkel.

– Eg er ein «elsparkesykkelfan». Verkeleg. Men ein må jo innsjå at det slukar pengar, seier Martha.

Ho har difor bestemt seg for å bli ein større fan av å gå.

– Berre gå, gå, gå, gå. Ikkje driv og sløs pengar på desse elsparkesyklane.

AKTUELT NÅ