Hopp til innhold

Fekk pengar frå KrF-medlemmar etter vigselstrid

KrF-arar over heile landet har samla inn pengar til ei bryllaupsgåve til det homofile paret som blei vigde av familiepolitisk talsperson Geir Jørgen Bekkevold. – Vi er takksame, skriv dei på Facebook.

Mona Høvset

Kommunikasjonssjef i KrF, Mona Høvset, takkar for pengegåva KrF-veljarar over heile landet har samla inn etter at ho gifta seg med Louise-Hill Vegsund tidlegare i sommar.

Foto: Daniel Mork

Det skapte sterke reaksjonar då KrFs familiepolitiske talsperson og prest Geir Jørgen Bekkevold vigde eit likekjønna par tidlegare i sommar. Det var kommunikasjonssjefen i partiet, Mona Høvset, som gifta seg med Louse-Hill Vegsund.

Både Bekkevold og partileiinga har måtte tole kritikk etter hendinga. Og enkelte meinte også at partileiar Knut Arild Hareide burde gå av som ei følgje av saka.

I eit blogginnlegg, som også blei publisert på nrk.no, skreiv Vegsund at kveitebrødsdagane hadde ein bismak.

– Det er definitivt ein bismak over tida vi har hatt sidan 4. august, men vi skal vere nygifte lenge og ser fram til vår ordentlege bryllaupsreise på nyåret, skriv ho.

Fekk pengegåve

Men medan mediestormen stod på, har KrF-arar over heile landet samla inn ei pengegåve til det nygifte paret. Torsdag la Høvset ut eit innlegg på Facebook der ho takka dei for både gåva og omtanken:

Høvset skriv at dei er rørt over gratulasjonane og tilbakemeldingane dei har fått den siste tida.

– Vi er så takknemlege for alle de fine menneske – både kjende og ukjende- som har sendt oss gratulasjonar, meldingar og heiarop!

Dei som har samla inn gåva, skriv at dei nygifte får gåva på eitt vilkår: at pengane blir brukte til ei hyggeleg oppleving for dei begge, som for eksempel ei reise.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Høvset for ytterlegare kommentarar.

Mange ut- og innmeldingar i KrF

I vekene etter at det blei kjent at Bekkevold hadde vigd paret, ville ikkje Hareide seie kva han syntest om det som hadde skjedd.

Bråket førte også til at mange i partiet melde seg ut i protest. Samtidig kom det ein motreaksjon der KrF i delar av landet merka stor pågang av nye medlemmar som ville vise støtte.

Men til slutt sa Hareide at han hadde full tillit til Bekkevold som familiepolitisk talsperson, men at det var viktig å skilje mellom Bekkevold sine ulike roller som prest og politikar.

– Det er tydeleg at ekteskapslova ikkje er i tråd med partiprogrammet til KrF. Det dette handlar om er kva rolle Geir Jørgen Bekkevold har når han er prest. Då er det ikkje slik at partiprogrammet gir ein guide om kva som er teologisk rett for han som prest, sa Hareide.

AKTUELT NÅ