Fekk passkontroll-advarsel – departementa hadde møte før kaoset oppstod

Avinor åtvara mot kaos i passkontrollen på Oslo lufthavn før fellesferien, noko som blei tema i møte mellom Samferdsledepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet 1. juli. Likevel blei det kaos. Regjeringa burde ha reagert, meiner KrF og Senterpartiet.

KLipp frå Dagsrevyen

VIDEO: Avinor varsla at det kunne bli problem

Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, som er Høgre/Frp-regjeringa sitt støtteparti, meiner regjeringa har handtert saka dårleg. Dei meiner det er feil å skuve alt ansvaret for køkaoset i sommar over på politimeisteren.

– Dei har tydeleg blitt varsla om at problema ville oppstå. Dei blei spurde om kva dei ville gjere for å unngå det, men har ikkje gjort noko. Her er det ikkje gjort godt nok politisk arbeid, seier justispolitisk talsperson i Senterpartiet, Jenny Klinge.

Møtet mellom departementa vart halde 1. juli, ført alt kaoset oppstod i grensekontrollen i sommar, viser eit dokument NRK har fått innsyn i.

– Klønete handtering

Justispolitisk talsmann Kjell Ingolf Ropstad i Kristeleg Folkeparti meiner at regjeringa har handtert saka klønete.

– Situasjonen i sommar har ikkje vore haldbar. Det er alvorleg når grensekontrollen ikkje er god nok, seier han.

Ropstad meiner justisministeren burde ha gått i tydeleg dialog med politiet før sommaren for å sikre at passkontrollen ville bli prioritert.

– Han burde tenkt at her trengst det meir ressursar. Då måtte han ha funne ressursar eller gått til Stortinget med ei eiga sak og bede om ressursar, seier Ropstad.

– Politimeisteren skal følgje opp

I løpet av september har grensekontrollen på Gardermoen blitt styrkt med fleire nye stillingar, og Justisdepartementet meiner kritikken om at dei ikkje har gjort meir tidlegare, er urimeleg.

– Det var til sjuande og sist Politidirektoratet som omdisponerte stillingane på Gardermoen. Det ville ha blitt ein pussig situasjon om justisministeren skulle gripe inn i kvart politidistrikt om det er ulike klager. Det er først og fremst politimeisteren som skal følgje opp sitt distrikt, seier statssekretær i Justisdepartementet, Odd Vanebo (Frp).

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger