Hopp til innhold

Fekk museinvasjon og vasslekkasje på hytta han ikkje får bruke

Patrik Knutsson er ein av hytteeigarane som har saksøkt staten fordi han ikkje får overnatte på småbruket sitt i Sverige. Forbodet har ført til museinvasjon og vasskade, hevdar han.

Museinvasjopn på torpet til Patrik Knutsson

Hundrevis av mus hadde tatt seg inn i hytta til Oslo-mannen Patrik Knutsson. Han måtte reise over grensa to gonger i veka i over ein månad før museplaga var borte.

Foto: Patrik Knutsson

Då Patrik Knutsson og kona kom til småbruket dei har i Värmland i haust, fekk dei heilt sjokk. Då hadde dei ikkje vore der på nokre veker.

– Det var heilt katastrofe. Det var hundrevis av mus i heile hovudhuset. I alle rom, og muselort i alt av sengeklede, madrassar og teppe. Klede og sko måtte berre brennast. Dei hadde ete opp stearinlysa på bordet, gnaga av isolasjon på vassrøyr osv. Vi måtte jage dei ut ved å slå etter dei med kost. Heile huset måtte tømmast for eigedelar.

I tillegg hadde musene øydelagt verktøy, utstyr og kablar i uthusa.

– Totalt reknar vi med skadar for rundt 100.000 kroner, berre på grunn av musene, seier han.

Soverom med seng full av muselort

Musene hadde hatt fest i alle romma. På soverommet var senga full av muselort.

Foto: Patrik Knutsson
Ødeleggelser på stua

På eit anna soverom har musene delikatert seg med stoppinga i madrassen.

Foto: Patrik Knutsson
Muselort på torpet til Patrik Knutsson

Haugar av muselort i krokane i eit teknisk rom med vassboren varme frå berget under.

Foto: Patrik Knutsson
Brenning av inventar

Alt av sengeklede, teppe, madrassar og klede som ikkje kunna reddast, havna på bålet.

Isolasjon oppspist av mus på torpet til Patrik Knutsson

Musene har ete opp delar av isolasjonen rundt røyra.

Pakning ødelagt av mus

Musene har øydelagd pakningar, isolasjon og verktøy.

Oppspist isolasjon

Isolasjonen rundt kopparrøyra er og oppeten.

OPpspist isolasjon

Endå meir oppeten isolasjon.

– De facto bruksforbod

Karanteneplikta på 10 dagar hindrar Knutsson i å ha så tett tilsyn med småbruket som han ønskjer. Han er opprørt over det han meiner er eit de facto hytteforbod, og meiner regelen er altfor streng.

Onsdag starta rettssaka i Oslo tingrett. Saman med fem andre hytteeigarar krev Knutsson å få kjent forbodet mot å overnatte på hytta i Sverige, ugyldig. Dei har støtte av 1000 andre norske eigarar av fritidseigedommar i Sverige.

– Kan leige inn hjelp

Advokat Ida Thue ved Regjeringsadvokaten

Advokat Ida Thue ved Regjeringsadvokaten fører saka for staten.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Staten har avvist søksmålet og viser til heimel i smittevernlova. Staten meiner at unnataket for dagsbesøk for å utføre vedlikehald, er tilstrekkeleg til at hytteeigarane får tatt vare på eigedommane sine.

I tillegg er det mogleg å leige inn hjelp, argumenterte regjeringsadvokat Ida Thue i retten onsdag.

– Det er mogleg å kjøpe tenester for å få gjennomført både strengt nødvendig vedlikehald og mindre nødvendig vedlikehald. Det er heilt vanleg å gjere når ein har hytte i Noreg og bur veldig langt unna, seier Thue.

– Ikkje så enkelt

Advokat Lina K. Smorr ved advokatfirma Andersen & Bache-Wiig

Advokat Lina K. Smorr representerer dei seks hytteeigarane som har gått til sak mot staten.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Advokat Lina K. Smorr i advokatfirma Andersen & Bache-Wiig som representerer saksøkjarane, seier det ikkje er så enkelt å leie inn nokon når man ikkje sjølv har sett korleis det ser ut på hytta.

– Dei som har lang reiseveg har ikkje moglegheit til ein gang å sjekke kva som er vedlikehaldsbehovet. Kva er det de skal bestille av tenester?

– Det å styre ein ekstern part som skal yte tenester, er ikkje praktisk enkelt, når ein er i Noreg og ikkje ser det fysisk sjølv, seier Smorr til NRK.

Torpet til Kurt Patrik Knutsson

Torpet til Patrik Knutsson og kona ligg på Finnskogen i Värmland. Hovudhuset er frå 1800-talet og krev jamleg vedlikehald.

Foto: Privat

Taket blåste av

Småbruket til Knutsson og kona er eit gammalt finnetorp og ligg på Finnskogen i Värmland. Det har seks bygningar. Hovudhuset er frå slutten av 1800-talet, noko som tilseier eit stort behov for jamleg tilsyn og vedlikehald.

Alt før musene invaderte garden i oktober, var Knutsson og kona under dei korte dagsturane, opptatt med å rydde tre som hadde velta i vår- og hauststormane. Dei baksa og med å få på plass att takplater som hadde blåse av på to av dei eldste bygningane.

Tok over 300 mus

Skadedyrfirmaet som Knutsson kontakta i haust, sette opp boksar med musegift ute, og inne fekk dei sett opp musefeller.

Knutsson køyrde i skytteltrafikk over grensa i oktober. Då måtte han bort to gonger i veka for å tømme dei seks elektroniske musefellene som tok 10 mus kvar.

Til saman har han og kona telt opp mellom 300 og 400 mus frå oktober til desember.

Musefelle med peanøttsmør

Peanøttsmør viste seg å vere effektivt åte i musefellene.

Foto: Petrik Knutsson

– Etter 30 dagar var museproblemet under kontroll, men dessverre ligg det døde mus i veggane som luktar.

Vasslekkasje

Då Knutsson kom til torpet etter jul, fekk han eit nytt tilbakeslag. I driftsbygninga der det nyleg var installert golvvarme, hadde det oppstått vasslekkasje. I tillegg hadde eit avløpsrøyr i hovudhuset frose.

Han viser fram bilete av ein nedsnødd gardsveg som er sperra av voltne tre. Det gjorde at den lokale røyrleggjaren som skulle reparere vasslekkasjen, ikkje kom fram.

– Ingen vil komme når det er 1 km å gå med verktøykasse i djup snø.

Vei sperret til torpet til Kurt Patrik Knutsson

Vegen inn til torpet var sperra av snø og voltne tre. Dermed klarte ikkje røyrleggjaren å komme fram.

Foto: Privat

I desember har han vore på torpet ein gong i veka. No i januar er han nede i tilsyn og vedlikehald annakvar helg.

Staten fryktar auka smitte

Karanteneplikta sette sinna i kok hos mange av dei 12.416 nordmennene som har hytte i Sverige, då ho vart innførte i mars i fjor. Den inneber at hytteeigarane må sitje i karantene kvar gong dei overnattar på hytta. Dagsbesøk er tillate, men då kan besøket berre dreie seg om strengt nødvendig vedlikehald. Over 5000 hytteeigarar har skrive under på eit opprop og kravd regelen endra.

Hytteeigarane meiner karanteneplikta (no på 10 dagar) er eit uforholdsmessig strengt inngrep og i strid med både EØS-reglane og Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Staten på si side fryktar at dersom folk med hytter i Sverige vinn fram med kravet sitt om fritak frå karanteneplikta, kan det føre til at fleire reiser fram og tilbake oftare, noko som dei meiner inneber auka fare for smittespreiing.

Saka blei avslutta i Oslo tingrett torsdag. Dom fell truleg fredag 5. februar.

AKTUELT NÅ