– Det var utruleg ubehageleg. Særleg med tanke på kva meldingar mine medaktivistar får, seier Ninthu Paramalingam.
Ho kallar seg sjølv aktivist og revolusjonær. Ho er politisk aktiv og er ein av personane bak kampanjen Reduser Husleia.
I samband med denne kampanjen skreiv ho ein kronikk om bustadmarknaden i lag med Elin Espmark Wibe. Tilbakemeldingane dei fekk var svært ulike.
– Elin fekk meldingar der ho blei invitert inn i ein debatt om bustadpolitikk, medan eg blei seksualisert, seier Paramalingam.
SKILNAD: Aktivistane Ninthu Paramalingam og Elin Espmark Wibe fekk veldig ulike tilbakemeldingar på kronikken dei publiserte.
Foto: SKJERMDUMPEspmark Wibe følte ho vart tatt seriøst, sjølv av dei som var ueinige med henne. Men Paramalingam opplevde at ho vart redusert til å vere ei brun kvinne med innvandrarbakgrunn.
– Eg opplevde at eg blei frårøva moglegheita til handlingsrom og makt, seier ho, og refererer til at medforfattaren blei invitert inn i ein diskusjon ho ikkje fekk tilgang til.
Begge to reagerte på forskjellen på meldingane dei fekk.
– Eg vart rett og slett rasande, seier Espmark Wibe.
Uroa for den offentlege debatten
Sosiolog Marjan Nadim seier at personar med minoritetsbakgrunn oftare får kommentarar på etnisitet og religion når dei tar del i den offentlege debatten.
– Folk med etnisk eller religiøs minoritetsbakgrunn opplever ofte å bli redusert til å vere eitt aspekt ved identiteten sin. Dette skjer uavhengig av om det er relevant for saka dei diskuterer.
SOSIOLOG: Marjan Nadim er sosiolog ved Institutt for samfunnsforsking. Ho forskar på innvandring, integrering og ytringsfridom.
Foto: Institutt for samfunnsforskningHo seier at fokuset på minoritetsbakgrunn kan føre til ein frykt for å oppleve hets og hatefulle reaksjonar.
Dette uroar Fakhra Salimi, leiar for Mirasenteret. Ho er godt kjent med problemstillinga som Paramalingam og Espmark Wibe har opplevd. Ho fryktar at slike haldningar vil gjere at fleire med minoritetsbakgrunn skyr unna den offentlege debatten.
– Når minoritetsjenter opplever ubehag eller å bli underminert, så trekk dei seg tilbake. Det er ikkje berre eit minoritetsproblem, men eit demokratisk problem.
Salimi meiner det er ein dobbeltkommunikasjon i samfunnet. Minoritetsjenter blir bedt om å delta i debatten, men debattklimaet gjer dette vanskeleg.
MIRA-SENTERET: Fakhra Salimi er leiar i Mirasenteret, som arbeider for å betre kvinner med minoritetsbakgrunn sine levekår.
Foto: Cille Biermann– Det norske samfunn må ta eit oppgjer med eigen rasisme og den snevre tankegangen om minoritetar og unge kvinner. Minoritetar har like stor rett til å uttale seg og bli respektert i det offentlege rom.
Trengst endring
Det er ikkje første gong Paramalingam har skrive ei ytring. Det er heller ikkje første gong ho har fått usaklege kommentarar i respons.
– Eg er innforstått med risikoen det inneber å ta del i debatten. Uansett om eg uttalar meg om bustadpolitikk, så er eg ei brun dame. Rasismen er eit problem uansett.
Ho meiner det trengst endring for å skape eit trygt debattklima.
– Det er ofte fokus på at ein treng meir representasjon og fleire stemmer. Men ein gløymer at ein må kjempe mot rasisme og sexisme på alle område for at dette skal følast trygt.