Hopp til innhold

Feilregistrering blir norsk lov

Mange sjukehus i årevis flytta pasientar ut av helsekøen før dei har fått behandling. Slik har dei unngått fristbrot. No blir loven endra i tråd med denne praksisen. – Jukset er legalisert, meiner overlege Hans-Petter Næss.

Jonas Gahr Støre besøker St. Olavs Hospital

Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap)

Foto: Johansen, Geir Otto / NTB scanpix

– Mange stader tek dei inn pasienten dagen før det ville blitt fristbrot, seier «hei» og «ha det», og registrerer det som behandling, seier Christian Grimsgaard, tillitsvalt for overlegane ved Oslo universitetssykehus (OUS).

I fjor dokumenterte Riksrevisjonen at mange pasientar ventar lenger enn ventelistestatistikken viser, og at det er store skilnader helseføretaka mellom.

– Eg veit at ingenting er gjort sidan Riksrevisjonens rapport, seier Grimsgaard.

Sjølv har han teke opp dette med leiinga i OUS sidan 2008, utan at noko er endra.

Christian Grimsgaard

Christian Grimsgaard, tillitsvalt for overlegane ved Oslo universitetssykehus.

Foto: NRK

– Jukset er legalisert

Men i juni skjedde det noko: Like før Stortinget tok ferie vart pasientrettighetsloven endra.

– No er jukset legalisert, konkluderer overlege Hans-Petter Næss ved Tønsberg sjukehus.

Fram til no har pasientar hatt rett til vurdering - og om mogleg ein diagnose - innan 30 dagar. Undersøkingar som røntgen og blodprøvar skal vere gjort innan denne fristen. Det er dette mange sjukehus ikkje har praktisert.

Den nye loven seier derimot at du skal få vite tid og stad for første spesialisttime innan 10 dagar. Denne fristen omfattar ikkje utgreiing, diagnose eller behandling.

Har varsla sidan 2007

Næss tok opp ventelistepraksisen med leiinga i Tønsberg første gong i 2007.

– Det skulle settast ned ei arbeidsgruppe, men det vart det aldri noko av. Eg har teke det opp fleire gongar i ettertid, men fått beskjed om at dei ville avvente konsekvensane av den nye lova. No treng dei ikkje gjere noko, seier Næss.

Han trur sjukehusa vil fått problem med å halde fristane dersom dei skulle registrert pasientane slik lova tilseier.

Jonas Gahr Støre og Bent Høie

Jonas Gahr Støre (Ap) og Bent Høie (H) meiner begge at den nye lova vil vere betre for pasientane. Men Høie seier at den inneber færre juridiske rettar for pasientane.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Blir juridisk svakare

Høgres helsetalsmann Bent Høie var saksordførar for den nye lovendringa. Alle partia stemte for den, men Høie vedgår at lova blir juridisk svakare enn før.

– Endringa inneber at dagens praksis no er lov. Pasientar får som regel ikkje oppstart av behandling innan 30 dagar, slik dei eigentleg skulle, seier Høie.

Han seier at opposisjonen foreslo at forløpstidene skulle bli juridisk bindande, noko både Kreftforeninga og Legeforeininga ønskte, men at dei vart stemde ned.

Likevel meiner han at den nye lova er ei forbetring.

– Juridisk er den ikkje det. Men i realiteten – samanlikna med praksis – er det fornuftig og gir eit enklare system. Dessutan er det andre endringar her som betyr meir. For eksempel får sjukehuset plikt til å melde frå til Helfo dersom dei bryt behandlingsfristen. I dag må pasienten gjere dette sjølv, seier Høie.

– Stoler på dei tilsette

Statssekretær i Helsedepartementet, Nina Tangnæs Grønvold (Ap), meiner at dei nye reglane vil vere ei betring for dei fleste pasientane, samtidig som det skapar mindre byråkrati.

– Alle pasientar skal vurderast individuelt etter kor mykje det hastar. Vi festar lit til helsepersonellet, og at dei gjev rask og god behandling. Detaljerte juridiske rettar gir korkje betre pasientbehandling eller meir effektiv sjukehusdrift, seier Grønvold.

Ho peikar på at Helsetjenesteaksjonen har kravd at politikarane skal vise meir tillit til dei tilsette.

Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold (Ap)

Statssekretær i helsedepartementet Nina Tangnæs Grønvold (Ap).

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

Ueinige med Riksrevisjonen

– Legar har i mange år varsla om at sjukehusa feilregistrerer. Kvifor har ikkje dette blitt retta opp?

– Feilregistrering som går ut over pasienttryggleiken skal ikkje forekomme. Det har vore ein diskusjon mellom oss og Riksrevisjonen om korleis lovverket skal tolkast. Departementet har styrt sektoren i tråd med vår lovforståing. Lovendringa bidreg til ein meir tydeleg rettstilstand, seier Grønvold.

Så seint som i 2008 sto dette i prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet: «Rettigheten er oppfylt og fristen er innfridd når den helsehjelpen som pasienten er informert om, er påbegynt innen den oppgitte fristen. Eventuelle møter til forundersøkelser før selve tiltaket/behandlingen (...) innebærer ikke at fristen er innfridd.»

– Hadde talet på fristbrot gått i vêret dersom alle sjukehusa hadde begynt å registrere på rett måte?

– Det er eit hypotetisk spørsmål eg ikkje kan svare på, Men eg legg til grunn at all registrering skal vere korrekt, seier Grønvold.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger