Hopp til innhold

Feil førte til problem med betalingar

Ein feil hos leverandøren Nets som gjorde at det var vanskeleg å betale i kortterminalar og med Vipps i heile landet er no retta. Også betaling i nettbank var ramma.

Bankkort og betalingsterminal

Ein teknisk feil gjorde at det ikkje var mogleg å betale med kort, i nettbank eller med Vipps.

Foto: Frederick Kihle / DNB

Like etter midnatt natt til onsdag opplyser Nets at feilen er retta.

– Vi kan no melde, at driftsproblemet er identifisert og løyst. Normal drift blir no gradvis tatt opp igjen. Problemet oppstod like før klokka 22 og blei løyst like før midnatt, seier pressesjef Søren Winge i Nets til NRK.

Den tekniske feilen hos leverandøren har skapt problem med betalingar både i Noreg og Danmark.

– Feilen gjorde at betalingstenester ikkje fungerte slik dei skulle. Feilen ramma både terminalar og nettbetaling. Også Vipps vart ramma, seier Winge.

AKTUELT NÅ