Hopp til innhold

Fattighuset i Oslo ventar storinnrykk etter tid med stor prisauke

Køane til fattighuset i Oslo har meir enn dobla seg. No kjem regjeringa med «julestøtte» til dei som treng det mest. – Heilt nødvendig, seier ein som får støtte.

Tidlegare i dag blei det klart at mottakarar av økonomisk sosialhjelp får ei ekstra utbetaling i desember. Denne kjem på 1000 kroner, pluss ytterlegare 1000 kroner for kvart barn vedkomande eventuelt har.

Frode Jacobsen, leder Oslo Arbeiderparti

Frode Jacobsen (Ap) er medlem av finanskomiteen på Stortinget.

Foto: Olav Juven / NRK

Det er regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet som i samarbeid med SV har blitt einige om dette.

– Vi ser dei utfordringane mange har, og dei som har minst har dei største utfordringane like før jul, fortel Frode Jacobsen i Arbeidarpartiet.

Jacobsen omtalar vidare støtta som eit viktig bidrag i ei vanskeleg tid. Fungerande finanspolitisk talsperson i SV, Cato Brunvand Ellingsen, seier at fleire vil få pengane allereie i jula.

Cato Brunvand Ellingsen, fungerende finanspolitisk talsperson i SV

Cato Brunvand Ellingsen (SV).

Foto: SV

– Dette kan bli ein lang, kald og ikkje minst dyr vinter. Det er utruleg viktig at vi bruker alle høve vi har til å få denne typen gjennomslag som skaffar meir til dei som har det vanskelegast. Når det blir strammare tider for alle, er det dei med minst som får det verst, seier Ellingsen.

Travel førjulstid for fattighuset

Ifølge styreleiar ved fattighuset i Oslo, Lisbeth Hvalby, er det tydeleg at fleire nordmenn har fått dårlegare råd.

– Vi har sett ei ny gruppe menneske som kjem til oss, og dei er faktisk i jobb, fortel ho.

Hvalby forklarar at desse menneska trass inntekt ikkje klarar seg grunna høgare utgifter.

– Då kjem dei hit og stiller seg i kø for å få ein pose mat, seier ho om situasjonen ho vidare omtalar som skremmande.

– Får kjøpt seg litt julemat

Dei ekstra 1000 kronene Stortinget no har vedteke gjeld rett nok dei som tek imot sosialhjelp. Dette er ei ordning som ein ikkje kan ta imot før «alle andre moglegheiter er prøvd ut».

NRK forklarer

Sosialhjelp

Sosialhjelp

Hva er sosialhjelp?

Sosialhjelp er en midlertidig økonomisk støtte man kan få hvis man ikke klarer å forsørge seg selv. Sosialhjelp skal gi mottakerne bedre levekår og sosial og økonomisk trygghet.

Sosialhjelp

Hvem kan få sosialhjelp?

Alle kan søke om sosialhjelp. Man kan ikke få sosialhjelp før alle andre muligheter er prøvd ut.

I utgangspunktet må man ha oppholdstillatelse i Norge for å kunne motta økonomisk sosialhjelp. Du kan ikke motta sosialhjelp dersom du oppholder deg i utlandet.

Sosialhjelp

Hvor mye kan man få i støtte?

Økonomisk sosialhjelp er en skjønnsmessig ytelse. Det betyr at hvor mye man kan få vurderes individuelt i hvert tilfelle. Regjeringen har likevel utarbeidet veiledende satser:

  • Enslige: 6650 kroner
  • Ektepar/samboere: 11.150 kroner
  • Person i bofellesskap: 5600 kroner
  • Barn 0–5 år: 3250 kroner
  • Barn 6–10 år 3350 kroner
  • Barn 11–17 år: 4400 kroner

Kilde: Regjeringen.no

Ein som set pris på dette er Kim Even Straumsnes. Han har vore utan jobb i eit par månadar, og meiner dei 1000 kronene han no får er heilt nødvendig.

Sosialhjelpa han har teke imot sidan han blei arbeidsledig er akkurat nok til å dekke dei nødvendige utgiftene.

– Viss ikkje vi hadde fått den hjelpa her så veit eg ikkje kor ille det hadde blitt. Det er 1000 kroner ekstra som vi elles ikkje ville fått, og då får ein kjøpt seg litt julemat og kanskje ein presang.

Saknar at støtta aukar med prisveksten

Han påpeiker likevel at han til trass for å setje pris på denne enkeltsummen, også skulle sett at den utbetalte summen frå sosialhjelpa blei høgare.

– Eg har jo ingenting til overs etter å ha betalt mat og sånn.

Kim Even Straumsnes er ein av nordmenna som får økonomisk sosialhjelp

Kim Even Straumsnes er ein av nordmennene som får økonomisk sosialhjelp

Foto: Privat

– Det er fint at dei gir ein kontantsum her og der, men ein skal jo ha noko å leve av dei elleve andre månadane også. Det er klart at ein merker den generelle prisstiginga, forklarar han og meiner med dette at sosialhjelpa resten av året burde reflektere at prisane i samfunnet har stige.

Dette er eit poeng stortingsrepresentant frå Rødt, Mímir Kristjánsson, også trekk fram.

Han er glad for at SV og regjeringspartia har vedteke støtta, men påpeiker at han ser på dette som ei kortvarig løysing.

– Problema er så alvorlege at det ikkje held med ein tusenlapp her eller der. Vi må jobbe med dette kontinuerleg, seier Kristjánsson.

Mímir Kristjánsson

Mímir Kristjánsson i Rødt peikar på det som nødvendig at den ekstra pengestøtta blir utbetalt før jul.

Foto: Truls Dydland

For Kim Even Straumsnes har det å leve på krona blitt ei stor belastning.

– Nei, du har jo ikkje noko sosialt liv. Kle har du heller ikkje råd til, så du er avhengig av at nokon hjelper deg. Det er veldig uverdig, fortel han.

Cato Brunvand Ellingsen seier pengane ikkje vil vere nok for dei som lever i djup fattigdom, men at det hjelper.

– For mange av familiane dette gjeld vil det vere snakk om ein stor auke i månadsinntekta. Vi i SV kjem til å halde fram med å jobbe for å sikre at alle klarer seg gjennom dyrtida.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger