Hopp til innhold

Fattige er prøvekaninar for medisin

Norske ekspertar tordnar mot legemiddelindustrien som utnyttar folk i u-land.

Sven Mollekleiv

Praksisen byt med menneskerettane, seier president Sven Mollekleiv i Noregs Røde Kors. (Arkivfoto)

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Legemiddelindustrien flyttar testinga av medisinar til land i den tredje verda og til Aust-Europa for å spare pengar. Det er billigare og mindre byråkrati i fattige land enn i Vesten.

- Har alt å tape

Menneske i fattige land blir dermed prøvekaninar for medisinar som skal brukast i rike land, viser ein ny forskingsrapport frå Duke University i North Carolina, USA.

- Menneska forsøka blir utførte på har alt å tape. Dei blir utsette for all risiko og ingen vinning, seier professorar ved Duke University.

Professor Eric Peterson er redd forskinga i fattige land ikkje fylgjer den same etiske standarden som i Vesten. Han meiner norske styresmakter må sørgje for snu utviklinga.

Oppfordrar til boikott

President Sven Mollekleiv Noregs Røde Kors karakteriserer praksisen som grove overtramp.

- Å bruke menneske i ein sårbar posisjon, bryt både med menneskerettane og med etiske retningslinjer. Slik utnytting skal ikkje finne stad, seier han.

Mollekleiv påpeiker at det ikkje er gale at det finst medisin testing i fattige land, men at det er gale når dette skjer utan etiske reglar.

- Den norske regjeringa er nøydd til å sørgje for at slike produkt ikkje kjem hit til landet, seier han.

Noreg må ta ansvar

Professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk har fylgd utviklinga i legemiddelindustrien tett, og er ikkje overraska over funna til dei amerikanske forskarane.

- 90 prosent av ressursane i legemiddelindustrien blir brukt på dei 10 prosent rikaste i verda. Utflagginga av testinga er alvorlege brot på menneskerettane, meiner han.

Solbakk etterlyser eit merkingssystem som viser kvar medisinane er utvikla.

- Noreg bør ta ansvar for å få fortgang i dette og øyre merke ressursar som kan betre forholda. Der berre vi i vesten som kan sørgje for å snu trenden. Eg trur det er mogleg å snu utviklinga, men då må rike statar i den vestlege verda ta ansvaret, seier han.

Les også: Nordmenn bruker stadig mer medisin

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT