Hopp til innhold

FAST-sjef dømd til to års fengsel

Den tidlegare konsernsjefen i selskapet Fast Search & Transfer, John Markus Lervik, er dømd til to års fengsel for brot på rekneskapslova. Eitt år av straffa er på vilkår.

John Markus Lervik

Tidlegare konsernsjef i FAST, John Markus Lervik, er dømd til fengsel i to år.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Det var i samband med konsernrekneskapen for 2006 at det vart inntektsført 80 millionar kroner det ikkje var grunnlag for. På denne måten såg det ut som om det børsnoterte selskapet tente meir pengar enn dei eigentleg gjorde. Lervik må også betale 100.000 kroner i sakskostnader.

Selskapet vart seinare selt til den internasjonale giganten Microsoft.

Marknadsmanipulasjon

Ein tidlegare salsdirektør i FAST vart i same saka dømd til seks månaders fengsel på vilkår for brot på rekneskapslova og for marknadsmanipulasjon.

Selskapet har tidlegare vedteke eit førelegg på fire millionar kroner for lovbrotet.

Retten legg vekt på i skjerpande retning av konsernsjefen i eigenskap av dagleg leiar i FAST med vilje innarbeidde feil omsetning i rekneskapen, med manipulering av marknaden som mål.

– Svært skuffa

– Eg er svært skuffa over dommen, over ikkje å ha blitt trudd. Eg vil kjempe for å bli reinvaska, seier John Markus Lervik i ein kommentar til E24.no .

Økokrim hadde lagt ned påstand om at Lervik måtte dømmast til to år og seks månaders fengsel, samt tap av retten til å sitje som dagleg leiar og ha styreverv i ein periode på tre år. Retten fann ikkje å kunne dømme Lervik til tap av desse rettane.

I kveld melder Dagens Næringsliv at Økokrim vurderer å anke delar av dommen.

LES OGSÅ: Lervik tiltales av Økokrim

LES OGSÅ: 4 millioner kroner i bot til FAST

LES OGSÅ: Microsoft har kjøpt Fast

AKTUELT NÅ