Hopp til innhold

Fare for regn og såpeglatte vegar måndag

Kombinasjonen minusgrader og regn kan gi underkjølt regn og såpeglatte vegar på Sør- og Austlandet måndag, spesielt i kystområda.

Speilblank vei etter underkjølt regn

Det er fare for underkjølt regn og glatte vegar på Sør- og Austlandet måndag, spesielt i kystområda.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Statsmeteorolog Siri Wilberg opplyser at eit nedbørsområde vil kome inn over Sørlandet måndag morgon, og det vil breie seg nordover i løpet av dagen. Den kalde lufta som regjerer i området vil truleg bli liggjande langs bakken, medan den mildare lufta i nedbørsområdet då blir pressa oppover.

Statsmeteorolog Siri Wilberg.

Det er stor fare for underkjølt regn på Sør- og Austlandet måndag, opplyser statsmeteorolog Siri Wilberg.

Foto: NRK

Regnet frå nedbørsområdet vil då mest sannsynleg fryse på bakken, og det kan gi svært glatte vegar. Det kan føre til blankis på ein del vegar.

Farevarsel

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for fylka Agder, Telemark, Østfold og Vestfold, men Wilberg fortel at det kan bli underkjølt regn også i Oslo- og Drammensområdet. Farenivået er sett til gult, det lågaste av dei tre farenivåa der gult er moderat fare, oransje er stor fare og raudt er ekstrem fare.

Siri Wilberg opplyser at prognosane er usikre, og at mykje er avhengig av vindretninga. Slik det ser ut søndag kveld kan det sjå ut som nedbørsområdet kjem inn over Agder måndag morgon, og så går det nordover.

Snø i innlandet

I innlandet og i høgda vil nedbøren kome som snø, men det er vanskeleg å berekne kvar grensa mellom snø og regn vil gå.

Statsmeteorologen fortel at det ein del stader kan kome opp mot 30 millimeter nedbør i løpet av måndagen, og at det truleg vil kome mest på Sørlandet.

Sjekk vêrmeldinga på Yr.no

AKTUELT NÅ