NRK Meny
Normal

Stoltenberg sankar valdtektsråd i Danmark

Jens Stoltenberg vender seg til borgarmeisteren i København for å få tips om korleis norske styresmakter kan setja ein stoppar for den urovekkjande auken av overfallsvaldtekter i Noreg.

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg ønskjer å ta lærdom av København i kampen mot valdtektsbølgja i Oslo.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Valdtektsbølgja i Oslo får frykten til å spreia seg blant norske jenter. I København derimot er talet på overfallsvaldtekter på retur og dei danske jentene kjenner seg stort sett trygge når dei går ute på nattetid.

Meir overvaking er eitt av tiltaka Stoltenberg ønskjer meir kunnskap om når han i dag møter borgarmeisteren Frank Jensen og politidirektøren i den danske hovudstaden for å sjå korleis dei lukkast i kampen mot overfallsvaldtektene

Politi, bussar og lys

– Situasjonen i Oslo no, er heilt uakseptabel. Då er det viktig at alle gode krefter går saman og ser på kva me kan læra av andre for å lukkast betre, seier Stoltenberg til NRK.

Statsministeren er i København i samband med sesjonen til Nordisk råd 2011, som opnar i dag. Når han først er i byen, vil han nytta høvet til å spørja dei lokale styresmaktene om korleis dei har lukkast med å få ned talet på overfallsvaldtekter.

– København er framheva som ein kommune som har sete i verk mange tiltak for å motkjempa valdtekter, og meiner sjølv at dei har hatt gode resultat, seier Stoltenberg til NRK.

Han er allereie kjend med ei rekkje av dei grepa som er gjort i København.

– Forutan meir politi i gatene, har dei bygd ut kollektivtransporten med eit mykje betre tilbod om natta, og fått opp meir lys i mørklagde og utsette område, fortel Stoltenberg.

Video Synlig politi gjør jentene trygge i København

Synleg politi gjer jentene trygge i København.

Meir overvaking

Eit anna, og meir kontroversielt, verkemiddel som er hyppigare brukt i København enn i Oslo er kameraovervaking.

Meir kameraovervaking på busstopp og andre stader i sentrum også eit tiltak som statsministeren meiner det kan vera aktuelt å innføra etter mønster frå København.

– Me brukar det i større grad i København og i mindre grad i Oslo. Spørsmålet er om me skal auka bruken av det, seier han.

Rita Sletner

Rita Sletner var leiaren for valdtektsutvalet som foreslo 12 tiltak i kampen mot valdtekter i 2008. Ho er skuffa over at so lite er følgt opp.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX
Knut Storberget

Justisminister Knut Storberget (Ap) meiner departementet har gjort mykje i kampen mot valdtekter.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Tyder det at den norske openheita ikkje er trygg nok?

– Kamerovervaking av busslommar og andre offentlege trafikknytepunkt er verkemiddel som kan vera omstridde, men ein må erkjenna at ein nokon gonger står overfor eit dilemma, svarar Stoltenberg.

I tillegg til København, ser Oslo-politiet også på vellukka tiltak i andre norske byar, som blant anna i Stavanger.

Droppa ni av tolv valdtektstiltak

Allereie i 2008 kom eit regjeringsoppnemnt valdtektsutval med forslag til 12 forslag til tiltak mot valdtekter i Noreg.

Men trass i at justisminister Knut Storberget (Ap) meinte tiltaka var «gjennomførbare», er berre to av tiltaka sett i verk - fire år etter. Det viser ei oversikt som VG har laga.

Dei to tiltaka som vert rekna som gjennførde, er gratis helsehjelp ved overgrepsmottak og forsking på omfang av valdtekt og kjenneteikn ved valdtektsmenn.

Statusen er uviss for forslaget om å tilretteleggja for samtalar mellom gjerningsmann og offer.

Leiaren for utvalet, Rita Sletner (V) er overraska over at så lite er gjort.

– Me leverte rapporten vår på normert tid av respekt for offera. No vil eg be justisministeren om å gjera det same, seier ho.

Justisminister Knut Storberget seier til avisa at han tykkjer dei har kome langt på veg, og viser til ei nyetablert valdtektsgruppe i Kripos.

– Me har dessutan skjerpa straffenivået, utvida bistandsadvokatordninga, etablert team i politidistrikta og sete i gang forsking, seier han til VG.

Blant forslaga som det ikkje er gjort noko med, er oppretting av ei spesialeining for sedskapslovbrot, innføring av eigne polititeam i kvart politidistrikt, psykisk oppfølging og kompetanseheving i rettsapparatet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger