NRK Meny
Normal

Får eitt minutt med legen

Kommunane kan pålegge legar dobbelt så mykje sjukeheimsjobbing, men sparar heller pengane.

Sykehjem
Foto: SBertil Persson / SCANPIX

I snitt får kvar sjukeheimsbebuar ein halvtime med legen i veka. Nederst på statistikken kjem Gaular kommune i Sunnfjord, der pasientane må nøye seg med mindre enn eitt minutts legebesøk per veke.

Brukar ikkje retten

Men kommunane kan tvinge fastlegane til å jobbe nesten dobbelt så mykje på sjukeheim. Dei kan pålegge fastlegar å arbeide 7,5 timar i veka på sjukeheim. I brukar fastlegane berre 4,5 timar på sjukeheimsarbeid.

- Kommunane kan, dersom dei vil, bruke legane meir, men kommunane brukar ikkje retten sin, seier visepresident i Legeforeningen, Per Meinich.

Nasjonal dugnad

Direktør i kommuneorganisasjonen KS, Bjørn Gudbjørgsrud, vedgår at det i hovudsak kokar ned til ein ting.

- Det handlar framfor alt om økonomi. Det er dyrt å ha mange legar i sjukeheim.

Dagleg leiar i Seniorsaken, Tore Larsen, er fortørna over denne måten å kutte kommunale utgifter på. - Det er heilt uakseptabelt. No må vi få ein nasjonal dugnad for å få retta opp i dei forferdelege skilnadene vi ser i eldreomsorgen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger