Eventyrprinsessa. Foto: NRK
Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn har på kvar sitt vis synt interesse for norsk folkekultur. Prinsesse Märtha Louise er den høge vernaren av Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta og ho les folkeeventyr både på samisk, nynorsk og bokmål.
- Mållaget vil takke prinsessa for dette arbeidet, samtidig som vi vonar paret vil halde fram med å bruke mangfaldet av kultur og språk som Noreg har, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding i dag. Noregs Mållag vil gje domenenamnet www.prinsessa.no til brureparet.
Noregs Mållag sikra seg domenenamnet for om lag eitt år sidan, etter at det vart oppdaga at dei nynorske domenenamna for mellom anna regjeringa og prinsessa ikkje var sperra for misbruk.