– Det er eit svært avgrensa antal bilete frå eit svært stort beslag av bilete og filmar. Men spørsmålet er om det er straffbart, seier Holden til NRK.
Det var VG som først melde at stadfestinga.
Det blei kjend i går at Andersen no er sikta for drapet på Lena Sløgedal Paulsen (10), eit drap han blei frikjend for i 2002.
Han sona 19 år for drapet på Stine Sofie Sørstrønen (8).
I løpet av våren har politiet ransaka bustaden til Andersen, der dei tok med seg datamaskina hans.
Henta ut data
NRK veit at Jan Helge Andersen sin PC har blitt spegla av politiet. Det vil i praksis seie at dei har henta ut all tilgjengeleg data frå datamaskina.
På maskina blei det funne ei større mengde bilete og spor etter datafiler. No stadfestar Andersen sin forsvarar at det er bilete som seksualiserer barn i beslaga.
– Andersen held fast på at han ikkje har lasta bileta ned, og basert på forklaringa og informasjonen hans frå etterforskingsmaterialet er eg for min del svært usikker på om dette i det heile blir ramma av straffelova, seier forsvararen.
Dette er ein sentral del av politiet si pågåande etterforsking mot Andersen. Han har blitt konfrontert med biletfunna.
NRK er ikkje kjend med kva han har sagt om bileta politiet fann.
– Har svart på spørsmål
Andersen sin forsvarar, Svein Holden, seier til NRK onsdag at han ikkje vil gje ytterlegare kommentarar til beslaga som er gjort.
Tysdag stadfesta han at han er kjend med den nye drapssiktinga.
– Eg er informert om dette. Politiet har føreteke ransakingar. Og så har Andersen svart på politiet sine spørsmål i etterkant, sa Holden.
I 2002 blei Jan Helge Andersen frikjend for drapet på Lena Sløgedal Paulsen, medan den dåverande bestekompisen Viggo Kristiansen blei dømd.
Tiltalen mot dei to bestekameratane i 2001, var lik og gjekk på drap og/eller medverknad til drap på begge jentene.
Retten kom fram til at det ikkje var bevis nok til å dømme Andersen for drapet på den eldste jenta.
Viggo Kristiansen (til venstre) og Jan Helge Andersen.
Foto: NTB SCANPIX/POLITIETOpp til kommisjonen
Når politiet no har sikta Andersen på nytt, så er det ein konsekvens av ransakingane av Andersen sin bustad og elektronisk utstyr som datamaskina.
– Det at Jan Helge Andersen har status som sikta, er ein automatisk konsekvens av at det er gjennomført ein avgrensa ransaking hos han, som ledd i etterforskinga av sakskomplekset.
Det skreiv statsadvokatane Johan Øverberg og Andreas Schei til NRK i ein e-post denne veka.
Det er såleis ingen automatikk i at den nye siktinga fører til tiltale og ny rettssak.
For saka mot Andersen må takast opp av Gjenopptakingskommisjonen viss det skal takast nye steg mot han for lovbrot han vart frikjend for i 2002-dommen.
Andersen og Kristiansen vart i 2002 dømt til høvesvis 19 år og 21 års forvaring, for valdtekt og drap på dei to jentene i mai 2000.
Viggo Kristiansen har i ei årrekke kjempa for å få saka mot han tatt opp på nytt.