Fann fugleunge hengande i plast frå fuglekassa

– For meg blei det eit symbol på korleis det går om vi menneske ikkje skjerpar oss, seier Marius Grøtterud Egenes etter søndagens lite hyggelege funn i hagen. Naturforskar har aldri sett liknande.

Død fugleunge

MODERNE FUGLEDØD: Slik fann Marius Grøtterud Egenes ein av fugleungane som bur i fuglekassa på husveggen deira.

Foto: Privat

– Vi hadde akkurat ete middag og var ute og ordna i grønsakhagen, så ropte kona på meg, seier Egenes, som bur med familien i Tønsberg.

Kona hadde oppdaga ein fugleunge som hang etter halsen i ein plaststrimmel frå inngangsholet i fuglekassa dei har på husveggen.

– Dei har brukt remsa av plast til å bygge reir i kassa, fortel Egenes.

Han har ein teori om korleis fuglungen hamna i plasten.

– Det kan hende at dei vaksne fuglane har hengt seg fast i plasten, og når dei skulle ut så har ungen blitt dratt med.

Marius Grøtterud Egenes

OVERRASKA: Marius Grøtterud Egenes blei overraska då han såg fugleungen hengande i ein plasttråd.

Foto: Privat

Sjekka om han var i live

Det første Egenes gjorde, var å sjekke om fugleungen levde. Det gjorde han ikkje.

– Eg blei veldig overraska. Det er rart at det skjer på husveggen vår.

Han har ein klar oppmoding til folk:

– Det er for mykje plast som ligg rundt og sleng. Dyr og fuglar viklar seg inn i plasten og et han. Det er trist, sjølv om det denne gongen berre var ein liten fugl.

Hendinga gjekk inn på han.

– For meg blei det eit symbol på korleis det går om vi menneske ikkje skjerpar oss.

Plaststrimmelen han fann fuglen i, var omtrent 30 centimeter lang, og mykje av plasten var framleis på innsida av fuglekassa før Egenes rydda opp.


Les også: Norske fugler lager rede av plastsøppel

Forskar er ikkje bekymra

Seniorforskar Tycho Anker-Nilssen ved Norsk institutt for naturforsking har ikkje forska på landfugl og plast, men har kvart år i over ti år sjekka 200 fuglekassar. Han seier til NRK at han aldri har sett noko liknande.

Tycho Anker-Nilssen

UVANLEG: Seniorforskar Tycho Anker-Nilssen har aldri sett noko liknande og fryktar ikkje at fleire fugleliv endar på same måte.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

– Eg ser på dette som ei sjeldan hending med tanke på kor mange som har fuglekassar. Det er ingen grunn til å frykte at dette har ein negativ effekt på bestanden av gråsporv, seier Anker-Nilssen.

Forskaren er meir bekymra for sjøfuglar når det kjem til plast.

– Sjøfuglane misforstår plast. Dei trur det er mat. Sjøfuglane er mykje meir utsett enn fuglar som brukar plast til å bygge reir. På den sørlege halvkula er det enkelte artar som et så mykje plast at ungane ikkje veks opp, seier han og legg til at det foreløpig ikkje er slik i nordlege farvatn.

Les også: Tusenvis av sjøfugl hamnar i garn langs kysten kvart år

Vil sette opp fleire kassar

Nå, med ein fugleunge mindre, ønsker familien Grøtterud Egenes å bidra litt ekstra for at fuglar skal ha ein stad å bu og hekke.

– Vi held fram med fuglekasse, og kanskje set vi opp fleire. Fuglane treng stader å hekke, og det er hyggeleg å følge med på at dyra formeirar seg og blir fleire. I tillegg er det stas å følge med på dyrelivet på nært hald.

Kjem du til å sjekke kassene for plast framover?

– Ja, eg kan opne kassa og sjå inni om det kjem nye fuglar der. Ein skal helst ikkje røre så mykje i kassene, men eg vil nok ta ut ein stor plastbit om eg finn ein.

SISTE NYTT

Siste meldinger