Hopp til innhold

Her gjorde dei nye DNA-funn: - Torpederer Jan Helge Andersen si forklaring

Dei nye DNA-funna i Baneheia-saka viser spor frå Jan Helge Andersen på tre deler av kroppen til Lena Sløgedal Paulsen (10).

06 rekonstruksjon Baneheia farger uten utsnitt

REKONSTRUKSJON: Jan Helge Andersen fotografert under ein av politiet sine rekonstruksjonar av hendingane i Baneheia.

Foto: Politiet

Rapporten og dei nye testane er utført av rettsmedisinsk på Oslo universitetssjukehus.

Etter det NRK kjenner til blir det for første gong no påvist spor frå Andersen på kroppen til det eldste av dei to offera i Baneheia-saka.

NRK fortalde i går at dei nye analysane stadfestar at han har lagt frå seg DNA-spor på minst to stadar.

NRK veit at DNA-treffa er på høgre handa til Lena Sløgedal Paulsen, på tunga hennar og på ein intim kroppsdel.

Desse funna var overraskande for etterforskarane sidan 40-åringen har nekta for at han forgreip seg på 10-åringen.

Han har berre innrømmet handlingar mot det yngste offeret, Stine Sofie Sørstrønen (8).

Solide funn

Det er også gjort DNA-funn på klesplagg som beviseleg stammar frå Andersen.

NRK veit at dei sakkunnige som har gjort nye analysar av DNA-spor meiner at resultatet er svært tydeleg.

Det er gjort funn med treff på opptil 27 markørar, noko som er rekna som svært sikkert.

– Dei nye funna torpederer Jan Helge Andersen si forklaring. Det betyr at det han har forklart ikkje kan stemme.

Det seier Terje Helland i støttegruppa til Viggo Kristiansen.

baneheia

Baneheia er eit steinkast frå sentrum i Kristiansand. Her undersøker krimteknikere etter at jentene vart funne i 2000.

Foto: Lise Åserud / NTB

Nye avhøyr

Den nye analysen er gjort som ein følgje av at saka blei gjenopna av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker i år.

Politiet har dei siste dagane gjennomført fleire nye avhøyr av Jan Helge Andersen. NRK veit at han då fekk framlagt dei nye DNA-resultata.

Han skal også i nye avhøyr i dagane framover. Det bekreftar forsvarer Svein Holden overfor Fædrelandsvennen.

Andersen blei dømt for drap på Stine Sofie Sørstrønen (8) og medverknad til valdtekt av begge offera i Baneheia i Kristiansand 19. mai i år 2000.

Drapa og overgrepa på Lena Sløgedal Paulsen (10) og Stine Sofie Sørstrønen er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg nokosinne.

Viggo Kristiansen har lenge hevda at han er uskuldig i drap og at det var Jan Helge Andersen som stod bak begge drapshandlingane.

Kristiansen sin forsvarar, Arvid Sjødin, seier til NRK at dette er viktige opplysningar i høve det som skjer vidare med saka.

Viggo Kristiansen

HEVDAR USKYLD: Viggo Kristiansen blei dømd til forvaring i 21 år for Baneheia-drapa. No er lauslaten og jobbar for å bli frikjend.

Foto: Eivind Pedersen

Optimist for frifinning

– For han er dette veldig viktige opplysningar. Det er ikkje funne noko DNA frå Viggo i denne testinga, seier Sjødin.

Han meiner at den nye DNA-rapporten gjer at Kristiansen kan vere optimist med tanke på ei frifinning, slik han har kravd.

– Vilkåra for å føre ei ny sak mot han no er veldig små. Det kjem neppe til å skje, seier Sjødin.

Terje Helland i Viggo Kristiansen si støttegruppe meiner at DNA-funna er eit viktig steg for å få rett konklusjon i saka.

– Det at det framleis ikkje finst DNA-treff på Kristiansen, støttar at han har snakka sant heile tida. Han har ikkje vore på åstaden, meiner Helland.

Har snakka med klienten

Jan Helge Andersen sin forsvarar, Svein Holden, ønskjer ikkje å kommentere det som kjem fram i den nye DNA-rapporten.

Men han stadfestar at han har vore i kontakt med klienten sin også etter at DNA-funna.

– Eg har snakka med han både før og etter at dette blei kjend, er Holden sin korte kommentar.

Vil ikke kommentere

Det er riksadvokaten som skal ta stilling til om det skal reises sak eller ikkje.

– Det kjem ein innstilling frå oss til riksadvokaten, men den er ennå ikkje klar, og det er vanskeleg å angi helt konkret når den vil vere klar, skriver statsadvokat Andreas Schei i ein e-post til NRK på vegne av sin kollega Johan Øverberg og seg selv.

– Dette er ein alvorleg sak som også har vist seg å vere meir tidkrevende enn først antatt, og vi er opptatt av å gjere ein så grundig som mogleg jobb med saken. Likevel ønsker vi å presisere at vi søker å ha innstillingen klar så snart det er forsvarlig.

– Vi har stor forståelse for at allmenheten og mediene har interesse i saken, men påtalemyndigheten ønsker ikkje å kommentere eller vurdere opplysninger som verserer i pressen, avslutter Schei.

AKTUELT NÅ