Hopp til innhold

Familien ankar i Neda-saka

Familien til 13 år gamle Neda Ibrahim ankar dommen frå Oslo tingrett om at utsendingsvedtaket til Utlendingsnemna var rett.

Neda Ibrahim
Foto: ARKIVFOTO: Tine Poppe

13 år gamle Neda og familien hennar vart sendt tilbake til Jordan i fjor. Etter dommen i Oslo tingrett 30. september vart det klart at familien ikkje får komme tilbake til Noreg.

– Familien har bestemt seg for å anke dommen frå tingretten. Vi er samde i at dommen bør verte anka. Konsekvensane av retur for borna, særleg for det eine barnet, er ikkje forsvarleg vurdert av Utlendingsnemnda (UNE), seier familien sin advokat, Arild Humlen.

Humlen, har heile tida meint at UNE si utsending har vore i strid mot menneskerettane, men i dommen som kom i september, avviste Oslo tingrett at UNE gjorde noko gale.

Bakgrunn for saka

Ekteparet Ibrahim lot som om dei var palestinske flyktningar få dei kom til Noreg i 2003 med to småborn. Familien fekk endeleg avslag på asylsøknaden i 2006, og har søkt om omgjering av dette fem gonger. Men UNE har opprettheldt avslaget. I mellomtida fekk ekteparet to born til.

Då UNE i 2013 fekk stadfesta at familien hadde fortalt usant om bakgrunnen sin, vart dei raskt sendt til Jordan. Familien hadde då budd på Dale asylmottak i Sandnes i Rogaland i ti år.

Familien Ibrahim saksøkte staten og vann fram i tingretten, på bakgrunn av at UNE ikkje hadde vurdert helsesituasjonen til familiemedlemmane før utsendinga. UNE aksepterte dommen, revurderte saka og fatta eit nytt utsendingsvedtak. Det er dette vedtaket familien håper å få gjort om.

AKTUELT NÅ