Står saman mot ekstremisme

Hundrevis av menneske lyste i dag opp eit Oslo i minusgrader for å markere samhald mot ekstremisme.

Fakkeltog mot ekstremisme i Oslo

SAMAN MOT EKSTREMISME: Oslos gater blei fylt opp av menneske med faklar for å markere avstand mot den veksande trusselen om ekstremisme.

Foto: NRK

Trass i at gradestokken kraup ned til godt under 10 kuldegrader i Oslo søndag kveld, møtte hundrevis av menneske opp for å markere avstand frå – og samhald mot – den veksande trusselen om ekstremisme.

Oppmodar folk flest til å ta avstand

Det er første søndag i advent, og mange tenner i dag lys for glede. Gatene i Oslo var i tillegg lyst opp av faklar, tent for å verne om ytringsfridom og demokrati.

LES OGSÅ: Varsler tett samarbeid mot ekstremisme

Initiativtakarane til fakkeltoget mot ekstremisme, Aamir Sheikh og Jarl Goli organiserte fakkeltog i byar over heile landet for å vise at folk flest må stå imot ekstremisme, og ikkje berre religiøse og politiske leiarar.

Dei har fått nok av truslar, hatefulle ytringar og propaganda.

– Nok er nok. Dette må vere eit klart signal til ekstremistane at vi ikkje vil ha meir av det, seier Sheikh til NRK.

– Ekstremisme har ikkje rot i religion

Biskop Olav Dag Hauge

SAMAN MOT EKSTREMISME: Fungerande biskop Olav Dag Hauge oppmodar folk til å stå saman på tvers av religion, mot ekstremisme.

Foto: NRK

Ein av dei som møtte opp var fungerande biskop i Oslo, Olav Dag Hauge. Han meiner det er viktig å understreke at ekstremisme, uansett retning, ikkje har rot i noko religion.

– Det er viktig for meg saman med andre religiøse leiarar å få lov til å markere at utgangspunkt i ekstremisme ikkje kan bli tatt i religiøs tenking, seier han.

– Dette opplevde vi at også Anders Behring Breivik prøvde på, å argumentere med kristne argument. Ein kan ikkje skape ekstremistiske tankar ut frå ein religion, seier Hauge.

LES OGSÅ: Hussain siktet for heleri og for å ha kalt vitne for et svin

Også biskop Hauge meiner det er folk flest som må ta meir enn berre fakkelen fatt for å samarbeide uavhengig av religionar, mot ekstremisme.

– Vi er flinke til å snakke saman på leiarnivå i dei forskjellige religiøse miljøa, men no må det takast ned til meinigheitene, til den enkelte. Folk ute blant kristne må ta kontakt med muslimar og jødar, bli kjent og forstå kvarandre, seier han.

Norske og britiske islamistar allierer seg

Anjem Choudary, Islam4UK

TETTE BAND: Den ekstremistiske leiaren av Islam4UK, Anjem Choudary, stadfestar at gruppa hans knyter band med norske Profetens Ummah.

Foto: Håvard Blekastad Almås / NRK

Før helga skreiv den trusselsikta islamistiske leiaren Ubaydullah Hussain på Facebook, at gruppa hans Profetens Ummah har hatt kontakt med den britiske radikale, islamistiske organisasjonen Islam4UK.

LES OGSÅ: Advarer mot ny Breivik

LES OGSÅ: Her er SV-toppens sjekkliste mot radikale islamister

Før helga slapp Hussain ut av fengsel, og har allereie lagt ut skrytebilete på Facebook saman med den radikale og ulovlege britiske gruppa.

Saka held fram under biletet

Ubaydullah Hussains facebookprofil

TRUSLAR: Ubaydullah Hussain har lagt ut skrytebilete av møtet med den britiske islamisten Choudary, i tillegg til å publisere truslane han er sikta for, på nytt.

Foto: Skjemdump

Den berykta britiske islamisten Anjem Choudary i Islam4UK stadfestar at han har hatt kontakt med norske islamistar.

Han var nyleg i Noreg som ekspertvitne i saka mot Mullah Krekar.

LES OGSÅ: Politiet vil hjelpe personer ut av radikale islamistmiljøer

LES OGSÅ: Profetens Ummah knytter bånd til Islam4UK

– Eg var i Noreg for to månader sidan, og møtte Ubaydullah Hussain. Vi elskar kvarandre, og vi føler vi blir undertrykt saman, seier Choudary til NRK, og seier det er knytt band mellom norske og britiske islamistar.

– Det fins ingen administrativ link mellom oss, men vi har tette band, seier han.

Jobbar for sharialov i England og Noreg

Choudary er mannen som i vår oppfordra muslimar til å bortføre norske soldatar for å lauslate Krekar. Miljøet rundt han er terrordømde og ekstremistar.

Tina Shagufta Kornmo

VANSKELEG: Ekstremistar er årsaka til at folk blir redde for muslimar, seier Tina Shagufta Kornmo.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Gruppa hans arbeider for å innføre sharialov i Storbritannia, i likskap med Profetens Ummah som vil ha sharialov i Noreg.

LES OGSÅ: Kampen mot ekstremisme

Slike ekstremistar øydelegg for det store fleirtalet av muslimar, seier Tina Shagufta Kornmo, leiar for nettverket for likestilling, integrering og mangfald.

– Dei gjer det mykje vanskelegare, for ein må halde seg til at fleire blir redde og engstelege for muslimar, seier Kornmo.

Islamistiske ekstremistar er få, men dei blir fleire. Forskarar peikar på eit meir tydeleg ekstremistmiljø i Noreg.

– Utviklinga har gått frå mindre til noko meir, og det ser ein tydeleg når ein les PST si trusselvurdering år for år, seier Anders Romarheim, forskar ved institutt for forsvarsstudiar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger