Hopp til innhold

Fagforeining ber parkeringsvakter gi bøter på feilparkerte politibilar

Parkeringsvaktene sitt eige fagforbund meiner medlemmene deira alltid bør skrive ut parkeringsgebyr på feilparkerte politibilar. – Dersom parkeringa er alvorleg, så må ein vurdere borttauing, seier Leif Hermod Jenssen.

Politibil Steinkjer

Politiet i Oslo er lei av å få bøter, bransjeforeininga til trafikkselskapa meiner ein ikkje skal skrive ut gebyr på politibilar, men fagforeininga til trafikktilsette oppfordrar alltid til å skrive ut gebyr og vurdere borttauing.

Foto: Karl Jørgen Martinsen

Han er styremedlem i Service & Drift, som er Delta sin yrkessamanslutning for trafikktilsette, og er utnemnd som talsperson i denne saka. Jenssen seier dei frå tid til anna får rapportar frå parkeringsvakter at naudetatane parkerer ulovleg utan grunn.

Leif-Hermod Jenssen

Leif Hermod Jenssen, styremedlem i Service & Drift, som er Delta sin yrkessamanslutning for dei som jobbar med trafikk, reinhald og teknisk drift.

Foto: Delta

– Det skal ikkje vere forskjell og dei skal ikkje ha prioritering framfor andre. Det er planlagde oppdrag, og då må dei gjere opp for seg som alle andre, seier han til NRK.

– Er det ein ukultur?

– Vi har ingenting som dokumenterer det, men vi får ein del tilbakemeldingar frå våre medlemmer.

Delta har i eit innlegg på sine nettsider uttalt at det er i ferd med å utvikle seg ein ukultur i naudetatane, og at det må gjerast noko med parkeringskulturen. I innlegget står det:

En god medisin mot dette er å konsekvensutstede parkeringsgebyr, ja sågar vurdere borttauing. Det er en grunn til at parkering forbudt er innført og de reglene må respekteres enten det er Jørgen Hattemaker eller kong Salomo.

Service & Drift, Delta sin yrkessamanslutning for trafikktilsette, i innlegg
Politioverbetjent Jon Lange og Oddvar Solheim

Køyretøyansvarleg Jon Peter Lange og seksjonsleiar Oddvar Solheim i Oslo politidistrikt seier dei brukar mykje tid på å klage på parkeringsgebyr som politiet har fått på oppdrag.

Foto: Simon Solheim / NRK/POLITIET

Politiet lei av bøter: – Det er tullete

Oslo-politiet meiner det har blitt eit problem at parkeringsvakter skriv ut bøter på politibilar i oppdrag.

– Dette er ikkje samfunnet tent med. Det er tullete, seier seksjonsleiar Oddvar Solheim i Oslo-politiet.

Dei får støtte av Norpark, som er bransjeforeining for trafikkselskapa, som meiner utrykkingskøyretøy aldri bør få gule lappar på ruta.

Dette er ikkje Service & Drift samde i.

– Dersom ein parkeringsvakt kjem over ein politibil som står feilparkert, kva meiner de parkeringsvaktene skal gjere då?

– Vi meiner dei skal skrive gebyr. Vi kan ikkje vite om det er ein situasjon bak veggen eller ikkje, så vi meiner ein alltid skal skrive gebyr og så får heller politietaten komme tilbake med dokumentasjon i ettertid, seier Jenssen.

– Så de oppfordrar alle medlemmene dykkar om å alltid skrive gebyr, og at politiet må sende søknad i ettertid?

– Ja, så lenge det ikkje er ein situasjon som heilt klart viser at det er ein akutt situasjon.

– Men vil ikkje dette føre til eit veldig byråkratisk system?

– Jo, men det er kanskje byråkrati som må til for å få slutt på dette.

– For det er eit problem?

– Ja, frå tid til anna.

Politioverbetjent Jon Lange og Oddvar Solheim

Politioverbetjentane Jon Peter Lange og Oddvar Solheim viser fram parkeringsgebyret politiet fekk medan dei var hos lege med ein fange.

Foto: Simon Solheim / NRK

Norpark: – Sjokkerande av fagforeininga

Dagleg leiar i Norpark, Lars Monsen, reagerer kraftig på uttalane til Service & Drift.

– Det er med sjokk og vantru vi registrerer at eit fagforbund går ut på denne måten. Dei legg til grunn ein håplaus praksis som vi er sterkt imot, seier Monsen.

– Dei øydelegg renommeet til parkeringsbransjen og dei skaper ei vridd førestilling av korleis parkeringsvakter opptrer. Dersom politiet får gebyr er det ein menneskeleg feil eller nokon som ikkje kjenner rutinane. Det er heilt feil å skrive ut gebyr på utrykkingsbilar, seier Monsen.

Han seier han er sjokkert over uttalen om å vurdere borttauing av politibilar.

– Det er veldig sjokkerande. Det skal ein absolutt ikkje gjere. Dersom politiet rykker ut og hiv frå seg bilen i ei trikkeskinne, ja då må trikken vente. Sånn er det berre.

– Meiner de det er ein ukultur i politiet?

– Det er det ikkje. Det finst enkeltsaker, men dette er ikkje eit problem. Naudetatane er flinke til å gjere vurderingar, stort sett. Hadde det vore ein ukultur hadde eg fått vite det, og då hadde det blitt eit tema som vi hadde tatt opp, seier Monsen.

– Må vurdere å få dei bort for å få gatebiletet rydda

I trafikkreglane står det at utrykkingskøyretøy eller bilar i teneste for politiet kan fråvike dei «når det er nødvendig eller til vesentlig lette i tjenesten». Dei har altså lov til å parkere på stader som er ulovleg for vanlege bilar i enkelte tilfelle.

Men ifølgje Oslo-politiet har dei opplevd at parkeringsselskap har hengt seg opp i ein formulering i eit rundskriv frå Politidirektoratet frå 2014. Der står det at politiet berre kan parkere ulovleg dersom oppdraget har «akutt karakter».

– På kva måte kan trafikkselskap vurdere om eit oppdrag var akutt nok eller ikkje?

– Det må politiet dokumentere. Vi kan ikkje ta stilling til det.

– Men de meiner at ein altså bør vurdere borttauing av politibilar eller andre utrykkingskøyretøy?

– Dersom dei står i gatebiletet og gjer at det blir vanskeleg å komme fram for øvrig trafikk. Det er ein grunn til at det er parkering forbode. Då må ein vurdere å få dei bort for å få gatebiletet rydda.

– Dersom politiet skal ta ein fotpatrulje for å drive med førebygging, bør politiet kunne parkere ulovleg då?

– Nei. Det bør dei ikkje. Dei bør kanskje ha sine eigne plassar, slik at dei både står lovleg og at dei har bilen i nærleiken.

– Norpark meiner ein aldri skal skrive gebyr på utrykkingskøyretøy. Det er stikk i strid med det de meiner. Kva tykkjer du om det?

– Sånn skal det ikkje vere. Politidirektoratet har presisert kva som er ulovleg parkering, og våre medlemmer oppfordrast til å følgje dei reglane som gjeld. Politiet er ei ordensmakt, og dei skal gå føre som eit godt døme. Likskap for lova bør gjelde. Vi kan ikkje la ein ukultur utvikle seg, for det går utover samfunnet.

– Når skal politiet kunne parkere som dei vil?

– Når dei er ute på ei akutt hending, for å sikre liv, helse eller materielle verdiar – eller dersom dei til dømes transporterer ein fange til retten. Men då må dei ha ein lapp i ruta som dokumenterer at dei er på eit slikt oppdrag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger