Hopp til innhold

Skvisa ut av arbeidslivet

Talet på utviklingshemma i arbeidslivet er gått kraftig ned dei siste ti åra. Skuleelevar og studentar overtek arbeidet som dei utviklingshemma tidlegare har hatt.

Anne Jorunn Økland

Anne Jorunn Økland frå Stord meiner det er vanskelegare å få arbeid enn før.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Anne Jorunn Økland på Stord har tidlegare jobba på alt frå treningssenter, barnehage og som gartnarassistent. Men no har ho vore arbeidsledig i snart eit halvt år.

– Du blir deprimert av å gå heima, og berre sjå inn i ein vegg, 24 timar i døgeret. Du kan no ikkje vaske huset kvar dag heller, seier ho.

Økland er skuffa over oppfølginga ho har fått. Ho har den siste tida forsøkt hardt for å skaffe seg arbeid, men til ingen hell.

– Eg skulle ønskje eg kunne få hjelpt til. For eg kan jobba, seier 39-åringen frå Stord.

LES OGSÅ: – Utviklingshemmede lite integrert i samfunnet

Meiner regjeringa sviktar

Forskar ved NTNU, Jan Tøssebro, meiner regjeringa har skuffa dei utviklingshemma.

– Me ser ein utvikling som går motsatt av kva som var lovt av regjeringa, så sånn sett kan me seie at dette er brytte visjonar og brytte løfte.

Tøssebro har skrive ei lang forskningsrapport om utviklingshemma i arbeid. Les rapporten her:

Her slår han fast at talet på utviklingshemma i jobb har gått ned med ein tredjedel berre i løpet av dei siste ti åra.

I 1991 kom HVPU-reforma som skulle gje utviklingshemma høve til eit meir sjølvstendig liv. Her var jobb eit viktig tema. Men utviklinga dei siste ti åra viser noko heilt anna.

No er det i hovudsak studentar som har dei jobbane dei utviklingshemma tidlegare har hatt.

I strid med regjeringa si politikk

Jan Tøssebro understrekar at denne utviklinga har haldt på i same periode som regjeringa har hatt fokus på eit inkluderande arbeidsliv.

– Eg oppfattar det mest som at når reforma var ferdig, så var politikarane ferdig med denne reforma. Dei har ikkje vore interessert i å følgje den opp. Utviklingshemma har vore av den politiske dagsordenen og dermed blitt gløymt.

Han meiner det å kunne vere i arbeid har ein veldig høg status i det norske samfunnet, og at det er avgjerande for at dei utviklingshemma skal kjenne seg integrerte.

– Kva er det politikarane kan gjere for å forbetre situasjonen?

– I forhold til dagens situasjon er det enklaste grepet å få NAV mykje sterkare inn på bana.

Kor stor er jobben med å fleire utviklingshemma inn i arbeid?

Ein treng ikkje ti år til for å få løyst dette problemet. Ein treng å prioritere det, seier forskaren.

Nanette Hasleengen

Nanette Hasleengen måtte flytte heim til mora Jonette Hasleengen, (t.v.) fordi ho miste arbeidet sitt.

Foto: Eva Marie Strand / NRK

32 år gamle Nanette Hasleengen bur saman med mora, Jonette, i ein bygard i Oslo. Før vevde ho ryer for den verna bedrifta Balder i Oslo. Men så vart ho omplassert til eit dagsenter. Det var ei stor forandring for den utviklingshemma kvinna.

– Balder var jo ein arbeidsplass, medan dagsenteret er ikkje noko meir enn ein oppbevaringsplass, seier Jonette til NRK.

Nanette tykkjer dagane heime hos mor er einsame og kjedelege. Dagane går mest til å sjå på TV.

– Jobb betyr meir for Nanette enn noko anna. Å gå tur eller å vere på eit aktivitetssenter er ikkje det same, seier mora.

Dei beste arbeidstakarane

Anne Jorunn Økland meiner det er mykje som kunne vore gjort for å snu situasjonen.

– Det skulle ha vore meir rettleiing. Det er mykje som kunne blitt gjort

39-åringen meiner utviklingshemma er blant dei beste arbeidstakarane.

– Det er me som blir stola mest på. Me ringer og seier at me ikkje kjem, dersom me er sjuke. Eg har jobba med mange andre som forsøv seg både ein og to timar, men gidd ikkje seie i frå til arbeidsgivaren.

– Utviklingshemma kan du stole 100 % på, avsluttar stordabuen.

AKTUELT NÅ