Hopp til innhold

Ida (28) har ulækjeleg livmorhalskreft: – Eg unner ikkje min verste fiende det eg går gjennom no

Færre kvinner tok livmorhalsprøven under pandemien. Kreftorganisasjonar fryktar fleire uoppdaga tilfelle.

Ida Bjørkvold fortel ope om livmorhalskreft

Ida Bjørkvold var berre 23 år gammal då ho fekk vita at ho hadde livmorhalskreft.

Foto: Ida Bjørkvold

Ida Bjørkvold (28) var 23 år gammal då legane oppdaga ein stor kreftsvulst i livmorhalsen. Etter dette fekk ho beskjed om at ho var kreftfri.

Men i 2018 var kreften tilbake.

– Eg fekk beskjed om at eg kunne leva med kreften, men at eg ikkje kjem til å ha eit langt liv, fortel Bjørkvold.

Ho hadde ikkje høyrt om at jenter på hennar eigen alder blei diagnostiserte med ulækjeleg livmorhalskreft.

– Det var drithardt. Akkurat då var eg førebudd på at eg hadde fått tilbakefall, men eg var absolutt ikkje førebudd på at eg aldri kunne bli frisk igjen, seier ho.

Ida Bjørkvold på sjukehuset

Ida Bjørkvold fortel ope om kreften på Instagram-kontoen sin.

Foto: Ida Bjørkvold
Ida Bjørkvold

Den siste tida har ho vore mykje inn og ut av sjukehus.

Foto: Ida Bjørkvold
Ida Bjørkvold saman med mommo

På Instagram skriv Ida Bjørkvold at det har vore ekstra vanskeleg å gi mommo dei dårlege beskjedane.

Foto: Ida Bjørkvold
Ida Bjørkvold

Ho seier at ho prøver å fokusera på det som ho får til. Som til dømes å ha overskot til å feira 17. mai.

Foto: Ida Bjørkvold

Færre testa seg i 2020

Då Ida Bjørkvold fekk beskjeden om at kreften var ulækjeleg, bestemte ho seg for å oppretta Instagram-kontoen «kreftutenfilter».

Her fortel ho ope om oppturane og nedturane, og ho har funne andre som går gjennom det same som henne. For kontoen har ho fått heiderspris av organisasjonen Ungkreft.

Kontoen har også blitt ei plattform som ho nyttar for å oppmoda andre kvinner til å sjekka seg for livmorhalskreft.

– Eg håpar alle tar si eiga helse på alvor, og drar og sjekkar seg om ein føler at det er noko. Det er eit lite helvete som ventar om du skulle vore så uheldig at du har kreft. Det kan eg skriva under på, seier Bjørkvold.

Ameli Tropé, Kreftregisteret

Ameli Tropé, leiar for Livmorhalsprogrammet i Kreftregisteret.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Ameli Tropé er leiar for Livmorhalsprogrammet som blir administrert av Kreftregisteret.

Tropé seier dei har sett ei god utvikling over fleire år når det gjeld deltakinga til Livmorhalsprogrammet.

Men under koronapandemien droppa deltakinga til under 70 prosent.

– Det var ca. 55.000 færre enn venta som tok livmorhalsprøven i 2020, seier Tropé.

Fryktar uoppdaga tilfelle

Dei offisielle tala er ikkje komne enno, men dei førebelse tala til Kreftregisteret tyder på at det var færre som fekk påvist livmorhalskreft i 2020 samanlikna med tala frå dei siste åra.

– Det er eit negativt teikn fordi vi manglar celleprøvar. Når vi manglar mange livmorhalsprøvar, kan vi anslå at det er mange som har alvorlege celleforandringar og mange som går rundt med kreft utan å vita det. Det er det som gjer oss så bekymra, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross.

Ein celleprøve er ein prøve av sjølve livmorhalsen. Alle kvinner mellom 25 og 69 år blir anbefalte å ta ein slik prøve kvart tredje eller femte år, avhengig av alderen din, for å fanga opp eventuelle celleforandringar.
Ein mjuk børste blir ført inn i skjeden...
... og skrapar av celler på sjølve livmorhalsen. Celleprøvane blir så sende inn til eit laboratorium, der prøven blir sett på i mikroskop og/eller testa for virus.

September er månaden for #sjekkdeg-kampanjen.

Kampanjen var Thea Steen sitt personlege prosjekt. Saman med Kreftregisteret og Kreftforeningen etablerte ho kampanjen for å få fleire til å sjekka seg for livmorhalskreft. Ho fekk vore med på ein kampanje før ho døydde av livmorhalskreft i 2016.

Ingrid Stenstadvold Ross fra Kreftforeningen.

Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

Foto: Jorun Valle Nilssen

– Dette er eit initiativ som har redda liv. Vi held fram i Thea Steens ånd. For det er like viktig, og kanskje endå viktigare enn nokon gong no etter pandemien når vi ser at færre har gått og sjekka seg, seier Ross.

Opptekne av at unge skal bli høyrde

Gjennom Livmorhalsprogrammet blir kvinner mellom 25 og 69 år oppmoda å sjekka seg med celleprøve.

– Men om ein har symptom og opplever at noko er gale, skal ein gå til legen uansett, seier generalsekretæren i Kreftforeningen.

Symptom kan vera uvanleg utflod, blødningar utanom syklus, ofte etter sex eller trening, og nyoppståtte smerter i underlivet.

Livmorhalskreft er svært sjeldan blant kvinner under 25 år. I Noreg er det rundt seks tilfelle av livmorhalskreft i året blant kvinner under 25 år.

– Og forsking har vist at rutinemessig screening ikkje er eigna for å fanga opp desse tilfella. Samstundes er risikoen for overbehandling betydeleg, seier Ameli Tropé, leiaren for Livmorhalsprogrammet.

Ida Bjørkvold omtalar seg som det levande eksempelet på at det kan vera for seint å sjekka seg året ein fyller 25 år. Ho seier at det difor er frykteleg viktig at legane lyttar til jenter som kjem med underlivsplagar, uansett alder.

– Det er så mykje å risikera. Eg unner ikkje min verste fiende det eg går gjennom no, seier ho.

Både Tropé og Ross seier dei er opptekne av at kvinner med symptom og plagar frå underlivet skal bli tatt på alvor, og få greia ut plagene, uansett alder.

Ida Bjørkvold

«Dette er mammaen min. Hun sjekker seg jevnlig. Hun er en av de som alltid har sjekket seg jevnlig, men så nå har fått oppleve hvor viktig det er å sjekke seg», skriv Ida Bjørkvold i sitt seinaste Instagram-innlegg.

Foto: Ida Bjørkvold

Kan bli utrydda

– Om få år har mange av dei kvinnene som fyller 25 år blitt vaksinert med HPV-vaksine i 7. klasse. Dei kjem igjen til å ha endå lågare risiko for å utvikla kreft før 25 år, seier Tropé, leiaren for Livmorhalsprogrammet.

Dei første som fekk tilbod om HPV-vaksine som del av barnevaksinasjonsprogrammet, fyller 25 neste år. Kreftorganisasjonane presiserer at det er viktig at også dei må følgja Livmorhalsprogrammet, då vaksinen åleine ikkje er ein fullgod forsikring mot å utvikla livmorhalskreft.

Kreftregisteret ynskjer også i framtida at kvinner skal kunna ta test av underlivet heime.

Ein kombinasjon av enkle og sikre testformer og vaksinering, gjer altså at der finst gode nyheiter i samband med livmorhalskreft.

– Vi kan gå ei framtid i møte der livmorhalskreft ikkje finst, seier Ross i Kreftforeningen.

Vidare lesing

AKTUELT NÅ