Hopp til innhold

Færre har oppsøkt overgrepsmottaka under korona

Legar ved overgrepsmottaket i Oslo er uroa for at mange har blitt utsett for overgrep utan å melde frå, ettersom pågangen til mottaka i dei største byane vart nesten halvert medan Noreg var koronastengd.

Samtalerom på voldtektsmottaket hos Oslo Legevakt i Storgata.

TOMT: Færre har vore på overgrepsmottaket dei første fire månadane av året, samanlikna med same tid i fjor. Det viser ei undersøking om korleis dei nasjonale tiltaka under koronapandemien påverka overgrepsmottaka.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Me er redde folk har trudd me har halde stengd, seier Anne Berit Lunde og Eline Thorleifsson ved overgrepsmottaket i Oslo.

For då heile landet stengde ned 12. mars, merka dei ei markant endring i kor mange som tok kontakt etter å ha vore utsett for overgrep. I mars og april opplevde dei at pågangen var halvert frå same tid året før.

Nedgang over heile landet

Ei undersøking utført av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin viser at det var 24 prosent færre som oppsøkte overgrepsmottaka dei fire første månadane i år, enn dei fire første månadane i fjor.

Nedgangen var størst ved overgrepsmottaka i Trondheim, Bergen og Oslo.

Grethe Johnsen, forskar i Norce, Norgian Research Centre, seier at det er fleire moglege årsaker til denne nedgangen.

Grethe Johnsen

FLEIRE GRUNNAR: Grethe Johnsen i Norce seier det truleg er fleire grunnar til at pågangen på overgrepsmottaka har vore låge under korona.

Foto: Privat

– Noko av reduksjonen kan henge saman med at samfunnet blei stengd ned og at færre difor kom i risikosituasjonar for seksuelle overgrep. I tillegg kan dei utsette ha vore redd for å belaste helsepersonell i ein allereie pressa situasjon, og dei kan ha vore redd for smitte.

Undersøkinga har kartlagt korleis dei nasjonale tiltaka under koronapandemien påverka overgrepsmottaka.

Rapporten slår fast at det har vore ein markant nedgang i folk som tek kontakt, trass i at mottaka har tilrettelagt for smitteverntiltaka som har vore innført.

– Høgare terskel for å ta kontakt

Ved overgrepsmottaket i Oslo, trur fungerande seksjonsoverlege Thorleifsson at årsakene til nedgangen er samansette og vanskelege å slå fast. Ho er særleg uroa for at smitteverntiltaka har vore avskrekkande for dei som har vore offer for overgrep, eller for at folk ikkje har fått med seg at dei held ope som vanleg.

Ho trekker også fram at mange som kjem til dei, har blitt oppmoda om å ta kontakt av andre. No har instansar som skular, helsesjukepleiarar og andre ungdomstiltak vore stengde.

– Me veit ein del om at jo meir lukka eit samfunn er, jo vanskelegare er det å ta kontakt når noko er vanskeleg.

Inngang legevakt i Oslo

SMITTEVERN: Lise Ringlund og Geraldine Larsmalm står ved inngangen til legevakta i Oslo. Dei skal kartlegge om pasientar har symptom på korona før dei får kome inn i bygget.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Store mørketal

Lunde og Thorleifsson meiner det er urovekkande at pågangen har vore så låg, særleg sidan det i utgangspunktet er få som melder frå om overgrep.

– Dei aller fleste som blir utsett for overgrep søkjer ikkje hjelp. Det er nok det som er norma.

No er samfunnet byrja å opne opp att. Tala for mai månad viser at pågangen til mottaket i Oslo har gått opp igjen. Tala no er nesten på nivå med tala frå i fjor.

Anne Berit Lunde og Eline Thorleifsson ved overgrepsmottaket i Oslo.

EIN TRYGG STAD: Anne Berit Lunde og Eline Thorleifsson vil at alle skal vite at det er trygt å søke hjelp hos overgrepsmottaket.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Thorleifsson og Lunde oppmodar alle som opplever overgrep til å ta kontakt.

– Me vil at folk skal vite at det er hjelp å få.

AKTUELT NÅ