Hopp til innhold

Færre arbeidsledige, men fleire langtidsledige

Sjølv om talet på dei som har vore utan arbeid i over eitt år aukar, og sysselsetting går ned, meiner arbeids- og sosialministeren at det går rett veg.

Høyres landsmøte Anniken Hauglie

RETT VEG: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) er nøgd med utviklinga i arbeidsløysa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi ser at arbeidsløysa går ned for fjerde månad på rad, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, som meiner det er fleire positive teikn i arbeidsmarknaden.

Nav ser ein nedgang i heile landet, og i mars vart det registrert 1500 færre som var heilt arbeidsledige, ifølgje sesongjusterte tal.

Det var 81.300 heilt arbeidsledige, og samanliknar ein med mars i fjor har det vore ein nedgang på 8.000 personar. Det vil sei at arbeidsløysa har falle til 2,9 prosent, ned frå 3,2 prosent det siste året.

Fleire langtidsledige

Samtidig som arbeidsløysa går ned, har det blitt fleire som har gått utan jobb i over eitt år.

I mars hadde 22 700 av dei helt ledige vore arbeidssøkjarar i over eitt år. Dette er 1400 fleire enn i same månad i fjor, ein auke på 6 prosent.

Auken i langtidsledige er klart størst i Rogaland og Hordaland, medan mange andre fylke har hatt ein nedgang.

– Færre unge i jobb

Gerd Kristiansen

FÆRRE I JOBB: LO-leiar Gerd Kristiansen er uroa over at talet på folk i arbeid går nedover.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ser ein på kor mange som jobbar i Noreg, har sysselsettinga falle. Befolkninga veks, og det betyr at det blir færre som må betale skatt for fleire.

Sidan 2008 har delen nordmenn i jobb falle frå rundt 72 prosent til 67,5 prosent, påpeikar LO-leiar Gerd Kristiansen.

– Dette kan bety at stadig fleire har gitt opp å få seg ein jobb. Talet på unge i jobb går ned ein god del, noko som gjer meg uroa, seier Kristiansen.

Ifølgje arbeids- og sosialministeren er noko av forklaringa er naturleg.

– Det blir fleire eldre og dei går over til å bli pensjonistar. Vi ser også at fleire unge vel å ta utdanning, og dei tek lengre utdanningar, og det er det bra at dei gjer, seier Hauglie.

– Framleis behov for tiltak

Blant dei som er utan arbeid er det mellom anna ei stor gruppe unge som verken er i jobb, arbeidstrening eller tek studiar.

Det betyr at det framleis er behov for tiltak mot arbeidsløyse, seier Hauglie

– Tida er ikkje enno for å slappa av og lene seg tilbake. Sjølv om vi går lysare tider i møte skal vi framleis jobbe hardt for å auke sysselsettinga.

AKTUELT NÅ