Hopp til innhold

Facebook-profil til sikta er sperra

Facebook-profilen til 37-åringen frå Ålesund som er sikta for drapet på Sigrid Giskegjerde Schjetne er sperra. Det har hagla inn med drapstrugslar og hatefulle meldingar det siste døgnet.

Facebook-hets mot drapssikta i Sigrid-saka

Facebook-hets mot den drapssikta 37-åringen i Sigrid-saka. Profilen hans blei sperra like før klokka 10 onsdag føremiddag.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Dei to mennene som er sikta for drapet på Schjetne vart pågripne i 21-tida måndag kveld.

I etterkant er det lagt ut ei rekkje hatefulle innlegg på Facebook-sida til den sikta 37-åringen frå Ålesund:

«Syk motherfucker, hadde gitt deg noen skudd i kneet og torturert deg i flere dager, før du hadde dødd smertefullt.. horeunge..»

«Du er psykopat jævla tjukke helvete! heng deg asap»

«du er en syk mann du burde havne i fengsel og der vil du råtne og dø !»

Profilen sperra

Politiet stadfesta på ein pressekonferanse tysdag kveld at den døde personen som vart funnen på eit skogholt på Kolbotn i Akershus, var den sakna 16-åringen. Dei opplyste også at to personar var sikta for drapet.

Like før klokka 10 onsdag blei profilen til 37-åringen sperra. Også bloggen hans, og profilen hans på ei dating-nettside blei sperra no i føremiddag.

– Det er ikkje politiet som har stengt den. Politiet jobbar med å få avklart kva som har skjedd rundt dette, sa politiinspektør Hanne Kristin Rohde på ein pressekonferanse om Sigrid-saka onsdag ettermiddag.

Den drapssikta oppretta Facebook-kontoen sin i 2010. Under feltet med opplysningar om seg sjølv, skreiv mannen at er «singel og venter på å bli funnet», at han er sjenert og har bilmekking, PC og hip-hop dans som interesser.

Han har skrive korte oppdateringar fram til midten av juli i år. Det er ikkje lagt ut oppdateringar i perioden 15.juli til 5.august, datoen då Sigrid Schetne forsvann sportlaust frå Østensjø i Oslo.

Sigrid-siktede

37-åringen (venstre) og 64-åringen (høgre) som er sikta for drapet på Sigrid Giskegjerde Schjetne skal ha vore vener i mange år, og hadde bil som fellesinteresse.

Foto: Privat

Aktiviteten auka

Men Facebook-aktiviteten blei nyleg trappa opp kraftig. Etter den 19. august har den sikta lagt ut fleire svært lange innlegg. Innlegga inneheld kritikk mot politiet og «systemet». Han ber folk kjempa imot falske skuldingar og vera på vakt mot å bli overvaka.

Mannen har lenge hatt psykiske problem, og har vore medisinert for dette. Han er domfelt ei rekkje gonger, blant anna for å grov vald etter å ha slått ned ei 23 år gammal kvinne med ei jernstang.

Siste Facebook-publiseringa hans var søndag førre veke. I innlegget på over 800 ord, langar han blant anna ut mot ikkje-namgjevne personar og mot psykiatrien:

«(...) når den personen ikke får viljen sin, satser den personen på å misbruke psykiatrien for å slippe unna bråket som personen stelte i stand! PSYKOPAT!!!

...Med de fine ordene her, er det klart at situasjonen er fortsatt under MIN kontroll, og jeg akter å gjøre en PROTEST!!! SÅ enkelt er det!!! Men slapp av, jeg skal ikke skade noen, jeg er da ikke helt tett i nøtta! ;) ».

AKTUELT NÅ