Hopp til innhold

Facebook åtvarar mot oppropet til klimarealistane

Viss du prøver å dele oppropet til Klimarealistene, får du ei åtvaring frå Facebook. – Tydelegvis skal ingen få ei stemme i debatten som er utanfor konsensus, svarer leiaren i Klimarealistene.

Møte hos Klimarealistene

KONFERANSE: Klimarealistane heldt fredag ein pressekonferanse i Oslo for å kunngjere oppropet sitt om å avlyse klimakrisa. Nesten 170 har meldt seg på konferansen i Oslo.

Foto: Iselin Elise Fjeld / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fredag heldt Klimarealistene ein pressekonferanse i Brussel, Roma og Oslo for å kunngjere oppropet sitt om å avlyse klimakrisa.

Oppropet er underteikna av 700 vitskapsfolk verda over og inneheld fleire påstandar om kva som er feil med klimaforskinga som det i dag er brei vitskapleg semje om.

Oppropet er sendt til FNs generalsekretær, António Guterres, for å overtyde om at dagens klimapolitikk gjer meir skadde enn nytte.

NRK omtalte i går klimaforskarar som meiner oppropet inneheld ei rekke feil.

Facebook åtvarar mot falske nyheiter

Dersom ein prøver å dele oppropet til Klimarealistene på Facebook, dukkar det opp ei åtvaring: «Falsk: Innlegget baserer seg på falsk informasjon, som at klimamodellane vil ignorere fordelane ved global oppvarming.»

Facebook-advarsel

Facebook åtvarar mot å dele innhald som avviser etablert klimaforsking.

Foto: Facebook

Vidare fortel Facebook oss at dei prøver å kjempe mot falske nyheiter og derfor dyttar misvisande innhald lenger ned i nyheitsstraumen, samtidig som dei publiserer alternative artiklar om det same temaet.

– Med tanke på effekt, så ser vi at distribusjonen blir avgrensa med 80 prosent etter at ei sak har vorte merkt som falsk, seier Peter Münster, nordisk kommunikasjonssjef i Facebook.

Den alternative artikkelen som dukkar opp er ein analyse av oppropet. Analysen er gjort av Climate Feedback, eit verdsomspennande nettverk av vitskapsfolk som sorterer fakta frå fiksjon i klimadekninga til media.

Analysen er utført av seks forskarar som bedømmer det vitskaplege truverdet i oppropet til å vere veldig lågt, og beskriv påstandane som partisk kirsebærplukking (å plukke ut den statistikken som passar best med det ein ønsker å fortelje), unøyaktig og villeiande.

Klimarealistane meiner ytringsfridommen blir ramma

Leiar av Klimarealistene, biologen Morten Jødal, seier til NRK at han synest det er frykteleg at nokon skal vere dommarar på internett og påpeiker at dette er ærverdige, tunge, seriøse forskarar som presenterer faglege vurderingar om klimaet.

– Vi føler oss forfølgt, og den mest brukte strategien er å teia oss i hel. Når Klimarealistene refererer dette internasjonale oppropet, blir vi møtt med sensur på Facebook. Slik blir ytringsfridomen ramma. Tydelegvis skal ingen få ei stemme i debatten, som er utanfor konsensus. Det burde oppta pressa, og bekymre pressa.

Deltakere på konferansen til Klimarealistene

Fredag starta konferansen til Klimarealistene i Oslo med om lag 170 deltakarar frå hele Skandinavia, og føredragshaldarar frå fleire land.

Foto: Ida Theresa Myklebost / NRK

Facebook meiner åtvaringa deira er ein «nyansert måte å kjempe mot falske nyheiter» på.

– Det er ein krevjande balanse å treffe her, mellom å redusere synlege falske nyheiter, samstundes som ein viser at faktasjekken gjort. Desse to kan vere gjensidig utelukkande i mange situasjonar, noko vi har evaluert med partnarane våre kontinuerleg. Vi har implementert læring undervegs, og kjem til å halde fram med det. Når det er sagt, så meiner vi at ein nyansert måte å kjempe mot falske nyheiter og desinformasjon på, er å informere folk om at det finst fleire perspektiv tilgjengeleg omkring eit gitt stykke innhald, seier Peter Münster i Facebook.

Facebooks faktasjekkarar

Climate Feedback er ein av rundt 60 faktasjekk-redaksjonar som Facebook samarbeider med.

NRK har tidlegare omtalt faren for at varsla om uriktig informasjon ville få ein motsett effekt – at dei vil få folk til å dele dei omstridde sakene meir i staden for mindre.

Facebook har seinare endra på utsjånaden til varsla og mellom anna gått bort frå ei såkalla raud flagg-åtvaring.

Redaktør Kristoffer Egeberg i Faktisk.no, som er faktasjekk-partnar til Facebook i Noreg, seier miljøet har etterlyst kva for ein effekt varsla på Facebook har.

– Dette er vanskeleg å vite. Utfordringa har vore at saker har vorte mykje delte før faktasjekken blir gjort. Vi bli alltid jagande etter. Men det er veldig positivt at brukarane på Facebook no får varsel i ettertid om ein har delt eller reagert på noko som i ettertid viser seg å vere feil, seier Egeberg.

– Vi ser at vi får mykje trafikk etter å ha faktasjekka ei sak som er mykje delt på Facebook. Det betyr forhåpentleg at det har ein opplysande effekt, og at folk blir meir skeptiske til å dele tull og tøys, seier Egeberg.

NRK har lagt fram påstandane frå Klimarealistene til fleire norske klimaforskarar. Her kan du lese kva dei meiner om dei:

Forskar: – Ikkje sensur

Førsteamanuensis Petter Bae Brandtzæg ved Institutt for medium og kommunikasjon, Universitetet i Oslo, forskar på sosiale medium, falske nyheiter og personvern.

Han har tidlegare vore kritisk til at Facebook fjernar innhald. Merkinga av innhaldet til Klimarealistene meiner han er ok.

– Dei gjer brukarane merksame på at dette innhaldet er omstridt, og det er ok, seier Brandtzæg til NRK.

Han meiner ein generell sensur går langt utover vanleg moderatoransvar.

– Ingen har fasitsvaret på kva som er sant og ikkje sant, i ulike komplekse samfunnsspørsmål, men her (i tilfellet med Klimarealistene) vart eigentleg berre ei ny stemme inkludert i samtalen og det er derfor ikkje sensur, seier han.

AKTUELT NÅ