Hopp til innhold

Evenes ute av kampflybase-duellen

Evenes er uaktuell som kampflybase og dermed ute av kampen om å bli hovudbase for dei nye kampflya, seier forsvarssjef Harald Sunde til TV2.

Harald Sunde
Foto: NRK

No står valet mellom flystasjonane Ørland og Bodø. I november legg Sunde fram tilrådinga si for regjeringa.

– Ein viktig konklusjon er framleis at éin base er nok, seier forsvarssjefen.

Sunde er på rundreise denne veka for å informera tilsette i Forsvaret om prosessen rundt langtidsplanen.

AKTUELT NÅ