Hopp til innhold

EU-motstanden aukar

Nei-sida får rekordoppslutning på NRKs EU-barometer for januar. 54,3 prosent av veljarane seier nei til norsk medlemskap i EU.

Nei til EU-demonstrasjon

Nei-sida får rekordoppslutning i EU-barometeret. Her demonstrerer EU-mostandarar mot forslaget om grunnlovsendring tidlegare denne månaden.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

NRKs EU-barometer januar 2008

Standpunkt

Prosent

Nei

54,3

Ja

34,6

Veit ikkje

11,1

Ungdom mot EU hadde ekstra god grunn til å synge kampsangar av full hals på sitt landsmøte i helga.

NRKs EU-barometer for januar viser rekordoppslutning for nei-sida.

54,3 prosent av veljarane seier nei, 34,6 prosent seier ja, medan 11,1 prosent svarar veit ikkje.

- Godt vaksinerte

- Det norske folk verkar som dei er rimeleg godt vaksinerte mot tanken på norsk EU-medlemskap, seier leiar Heming Olaussen i Nei til EU.

Heller ikkje EUs offensive klimapolitikk ser ut til å snu skepsisen. EU ønsker mellom anna 20 prosent kutt i CO2-utsleppa og auka satsing på ny, fornybar energi.

- Eg trur at Noreg har mykje å bidra med når det gjeld klima. Sjølv om det er bra at EU har gode klimatiltak, grunngir ikkje det behovet for at Noreg skal bli med i EU, seier Olaussen.

Ja-sida er sjølvsagt skuffa over målinga, men leiar Svein Roald Hansen i Europarørsla trur skepsisen snur dersom Island bestemmer seg for å bli medlem av unionen.

- Eg trur det som er nærast å drive fram ein ny diskusjon i Noreg, er om Island skulle bestemme seg for å søkje. Det er det ein diskusjon om der oppe, fordi dei ser kor uheldig det er å stå utanfor Euro-samarbeidet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger