Hopp til innhold

EU-kommisjonen om trygdeskandalen: Nav kan ha hatt rett i utgangspunktet

Ei ny omdreiing i Nav-skandalen kan vere under oppsegling. EU-kommisjonen synest å meine at norske styresmakter kanskje ikkje har tolka reglane feil i Nav-saka.

Karl Arne Utgård

Karl Arne Utgård har fått svar frå EU-kommisjonen.

Foto: Heiko Junge, Junge, Heiko

Ifølge Rett24 meiner EU-kommisjonen det er opp til statane sjølv om dei vil stille opphaldskrav for rett til sjukepengar, så lenge ein får ta med ytinga om ein flyttar permanent.

Svaret frå kommisjonen kjem etter at tidlegare høgsterettsdommar Karl Arne Utgård i eit notat konkluderte med at Noreg likevel ikkje hadde brote reglene, stikk i strid med den konklusjonen styresmaktene la til grunn då skandalen blei offentleg i oktober i fjor.

Hvem har trygdeskandalen rammet og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

Kven har trygdeskandalen ramma og kva for feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

Sende brev til EU

Utgård sende samtidig eit brev til EU-kommisjonen og bad om deira tolking av den omstridde artikkel 21 i EU si trygdeforordning.

Det er denne artikkelen som har lagt grunnlaget for det som er blitt kjend som trygdeskandalen i Noreg.

I fjor haust kunngjorde NAV-sjef Sigrun Vågeng, dåverande arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) og dåverande riksadvokat Tor-Aksel Busch at Nav sidan 2012 hadde feiltolka EU-forordninga som gjev rett til midlertidig å ta med seg sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar til andre EØS-land.

Kan bestemme sjølv

EU-kommisjonen derimot synest å meine at artikkel 21 berre gjev rett til ytingar i to spesifikke situasjonar, nemleg om ein borgar ønskjer å flytte bustad til eit anna medlemsland, eller om ein blir sjuk medan ein bur eller oppheld seg i eit anna medlemsland.

Kommisjonen skriv også at det er opp til det einskilde medlemsland å avgjere om ein skal stille opphaldskrav for å få utbetalt sjukepengar. Men det må ikkje vere til hindre for at ein tek med seg ytinga om ein flyttar til eit anna medlemsland

EU-kommisjonen understrekar i brevet at tolkinga den no gjer, verken er bindande for kommisjonen sjølv eller for EU-domstolen.

Styresmaktene i Noreg har opplyst at minst 78 personar truleg er uriktig dømt for trygdesvindel på grunn av feiltolkinga av regelverket. Dei fleste av desse gjekk på arbeidsavklaringspengar. Sakene er no i prosess i rettssystemet, medan om lag 2000 tilbakebetalingskrav frå Nav skal gjerast om.

Siste ord er ikkje sagt

Professor Halvard Haukeland Fredriksen ved Universitetet i Bergen er ein av Noreg sine fremste ekspertar på EØS-rett. Han seier til Rett24 at kommisjonen forstår forordninga sin artikkel 21 på same måte som Utgård.

Men understrekar at kommisjonen berre har svart på spesifikke spørsmål frå Utgård.

– Og det i nokså kort form og utan å drøfte dei kjeldene departementet og Nav har vektlagt, seier han til Rett24. Han understrekar også at Utgård ikkje har stilt kommisjonen spørsmål om bakgrunnsretten, særleg meininga av hovudreglane om fri bevegelse av personar i EØS.

Det betyr at siste ord ikkje er sagt, seier Fredriksen, som støttar Utgård i synet på at regjeringa bør ta saka til Efta-domstolen.

Rett å starte opprydding

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen skriv i ein epost til NRK at han har sett brevet som fagavdelinga i eit av EU-kommisjonens direktorat har sendt.

– I fjor fekk regjeringa klare juridiske råd frå NAV og dei fremste juridiske miljøa i staten og beskjed om at trygderetten hadde endra praksis. Konklusjonen var at lova var tolka feil og at folk kunne være uriktig dømde, skriv arbeidsministeren.

Han understrekar at det derfor var rett å starte oppryddinga i oktober, og at det arbeidet vil halde fram.

– Vi har også sett ned eit granskingsutval som mellom anna skal sjå på dei juridiske sidene av saka, no ventar vi på deira vurderingar. Eg har registrert at det naturleg nok er diskusjon om dei juridiske sidene av saka, skriv arbeidsministeren.

NRK forklarer

Kva er trygdeskandalen?

Kva er trygdeskandalen?

Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.

Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen. 

Kva er trygdeskandalen?

Kven er ramma?

Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.

Kva er trygdeskandalen?

Kva er feilen?

Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.

Kva er trygdeskandalen?

Kven har gjort feil?

Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane. 

Kva er trygdeskandalen?

Kor lenge har det pågått?

Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.

Kva er trygdeskandalen?

Kva skjer no?

Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.

Dette er trygde­skandalen

AKTUELT NÅ